Deltidsekspeditør

  • Deltid
  • ØRSTA, NORGE
  • Publisert: 17 timer siden
  • 30. mai 2025

Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel?

I butikken vår på Ørsta jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega – er dette deg?

Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 4,5 timar i gjennomsnitt per veke. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære!

 

Kva kan vi tilby deg?

Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.

  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering
  • Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur
  • Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar (for medlemskap krevst minimum 20 % stilling)

 

Arbeidsoppgåvene dine vil vere:

  • Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre
  • Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar, og førebyggje langing
  • Kassaarbeid og handtering av pengar
  • Rutinar og aktivitetar i samband med varehandtering
  • Anna førefallande butikkarbeid
  • Vere ansvarleg for butikken i leiarens fråvær
  • Halde varefaglege prøvingar og kurs for butikken
  • Opne og stenge butikken
  • Ansvar for oppgjer

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er blid og serviceinnstilt
  • Du brenn for å gi det beste kundemøtet 
  • Du er engasjert, fleksibel og opptatt av å finne gode løysingar 
  • Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske 
  • Som person er du ein lagspelar og jobbar godt saman i team
  • Du har god formidlingsevne
  • Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk
     

Kvalifikasjoner:

  • For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar
  • Du bør ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande)
  • Det er ein fordel om du har interesse for mat og drikke
  • Erfaring frå servicebransjen og/eller varefaghandel
  • Det vil bli vektlagt om du har kjennskap til butikken vår på Ørsta
  • Det er ønskjeleg at du har god digital kompetanse.
     
     

Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Anne-Karin Bæ Brautaset på tlf. 992 47 814 eller e-post anne-karin.brautaset.bae@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.
 

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 31.05.25
 

I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn

Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.

Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted