Plan og Forvaltning, Klepp kommune
Plan og forvaltning har fagområda byggesak, plan, geodata og landbruk, til saman 16 årsverk. Innan fagområde b yggesak er det fire årsverk. Faggruppa har ansvar for byggesaksbehandling og tilsyn etter plan- og bygningslova.
Me bruker Elements eByggesak, og jobber aktivt for å forenkla og effektivisera byggesaksbehandlinga og kvardagen for byggesaksbehandlarane.
Me søkjer etter deg som i tillegg til faglege kvalifikasjonar, kan ha ambisjonar om å få til ei smidig, effektiv og fagleg god saksbehandling til beste for våre innbyggarar og samfunnet.
Me held til rett ved Øksnevadporten stasjon, 24 minuttars togtur frå Stavanger. Om litt over et år vil me flytta inn i nyrenovert rådhus i Kleppe sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Du vil vere saksbehandlar for bygge- og delingssaker.
- Du skal sørga for at byggesaksbehandlinga har ein høg fagleg standard.
- Du skal bidra til eit godt samarbeid og god dialog med innbyggjare, byggebransje og interne avdelingar
- Du skal bidra til vidareutvikling av avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du har relevant høgare utdanning.
- Du bør ha relevant erfaring frå privat eller offentleg sektor
- Du bør ha god kjennskap og erfaring med byggesaksbehandling
- Du har gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.
- Du har gode datakunnskapar.
Ved tilsetting vil personlege eigenskapar og interesse for fagområdet bli tillagt stor vekt, og det er ønskjeleg at søkar utfyller kompetansen som allereie finst i faggruppa.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk.
Personlege eigenskapar
Me arbeider tett med kvarandre, andre avdelingar i kommunen, myndigheiter, utbyggarar, konsulentar, naboar mm.
Det er difor viktig at du har gode samarbeidsevner, er konstruktiv og serviceinnstilt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgåver med rom for fagleg utvikling.
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig lønn.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar ((https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
- Gratis parkering
- Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tidar
- Bedriftskunstforening
- Ordning med refusjon for behandlingar hos fysioterapeut og kiropraktor
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar.Løn i samsvar med lokal lønspolitikk
Kontaktinformasjon
Trygve Valen, Plan og forvaltningssjef, +47 97978717
Arbeidsstad
Bedriftsvegen 4
4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5022956694
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2025