Byggeleiar drift og vedlikehald ferjekai og byggeleiar utbygging ferjekai

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 8. oktober 2025

INV - Vedlikehald bru og kai, Vestland fylkeskommune

Har du lyst å vera med å bygge og vedlikehalde ferjekaiar i Vestland, har kunnskap rundt arbeid med ferjekai, byggeleiing eller anna relevant arbeid, og har lyst på ein variert arbeidskvardag? Då ynskjer vi at du sender inn ein søknad!

Avdelinga for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune har ansvar for om lag 5600 km fylkesveg. Vi arbeider for trygge kvardagsvegar og vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Vi er ein stor byggherre innan samferdsle og har mange spennande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem. 

Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, og fremjar regional utvikling.

Vedlikehald bru og kai har ansvar for drift, vedlikehald og utbygging av fylkesveg kaiar. Døme på oppgåver er å fylgje opp drift, ta tak i akutte situasjonar, vedlikehalde, inspeksjonar over og under vatn og bygge nye kaiar.

Til seksjon Vedlikehald bru og kai er vi på jakt etter to byggeleiarar. Ein for drift og vedlikehald av kai og ein for utbygging av ferjekaiar. Arbeidstad vil vera Leikanger og Bergen. Stillinga er fast.

Arbeidsoppgåver

Som byggeleiar hos oss vil du få ansvar for å følge opp utbyggingsprosjekt og vedlikehaldsprosjekt og du vil jobbe tett saman med prosjektleiarar, andre byggeleiarar og kontrollingeniørar.

Ansvarsområder vil vere:

  • Teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføring og evaluering av kontraktar og prosjekt
  • Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, fremdrift og HMS på eigne prosjekt
  • Arbeid med utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • Arbeidsleiing av kontrollingeniørar
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ansvarleg for kontakt med offentlege etatar, grunneigarar og andre som vert berørd av anleggsarbeidet
  • fylgje opp konsulentar i prosjekteringsfasen
  • aktivt bidra til å planlegge tiltak på kai
  • inspeksjon og tilstandsvurdering
  • Bistå i reguleringsplanar, byggeplaner/detaljplaner

Kvalifikasjonar

Du har relevant høgare utdanning. Minimum 3 år med relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har fagbrev eller teknisk fagskule og relevant erfaring,  kan vi sjå bort frå utdanningskravet.

Det er ein fordel med erfaring innan betong- og/eller stålkonstruksjonar eller erfaring med ferjekaiar. Du må trivast med kombinasjon av kontorarbeid og synfaringar.

Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne og førarkort kl. B. Du må også ha god kompetanse i å nytte IKT- verktøy.

Vil du vite meir om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med leiar for seksjonen: Jorunn Hillestad Sekse, tlf. 97425209

Personlege eigenskapar

Du evnar å arbeide sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. Du er strukturert og handterer godt ein kompleks og variert arbeidskvardag.

Stillinga inneber mykje kontakt med relevante samarbeidspartar, både internt og eksternt, og det er difor viktig at du er god på og kan trivast i samhandling med andre.

Vi tilbyr

Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg miljø og vil ha varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver, med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling. 

I tillegg får du mellom anna:

  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale
  • tilgang på tenestebil.

Kontaktinformasjon

Jorunn Hillestad Sekse, leiar, 97425209

Arbeidsstad

Askedalen 2
5863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5017985579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted