Byggdriftar/fagarbeidar

  • Heltid
  • SANDEID, NORGE
  • Publisert: 12 timer siden
  • 2. august 2025

Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester

Me søker:

deg som er interessert i jobb med varierte drifts -og vedlikehaldsoppgåver på både bygg og uteområder i Vindafjord kommune. Me treng deg med oss på laget.

Me har ledig ein 100% fast stilling som byggdriftar/fagarbeidar frå snarast.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Drift- og vedlikehald av kommunale bygg, eigedomar, idretts- og grøntanlegg. Arbeidsmetodane er i stadig endring, så andre og nye oppgåver på avdelinga kan bli aktuelle.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Du har erfaring, praksis og formell kompetanse som gjer at du er kompetent til å vera med på laget vårt. Helst har du fagutdanning som byggdriftar, elektrikar, røyrleggar, automasjonsteknikar, tømrar, gartnar/anleggsgartnar eller nærliggande fagområde
  • Interesse for – og erfaring frå arbeid på uteområde t.d. gartnar/anleggsgartnar
  • Ha noko digital/datakompetanse
  • Førarkort klasse B, biltilhengar klasse E er ein fordel men ikkje krav.
  • Erfaring kan vega opp for manglande fagbrev, (og det vil vera moglegheit for å ta fagbrev ved oppnådde erfaringskrav).
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Vera positiv og serviceinnstilt og kunne kommunisera og samarbeida med andre.
  • Kunne arbeida sjølvstendig, og ta ansvar for eigen arbeidskvardag.
  • Ha vilje til å læra nye ting, og ønskje om å utvikla deg innan fagfeltet
  • Har evne til å arbeide strukturert og søkje innovative løysingar som kan effektivisere arbeidet vårt.
  • Du må ikkje vere redd for å ta i eit tak, også utanfor primærområde.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted