Brukarstyrt personleg assistent (BPA) 

  • Deltid
  • TYSSE, NORGE
  • 19. august 2026

Om stillinga

Er du på utkikk etter ein givende deltidsjobb, kor du kan gjere ein stor forskjell i nokon sitt liv?

Me søkjer ei kvinneleg personleg assistent (BPA) til ein ungdom med alvorleg grad av ME. Grunna helsetilstanden hennar trengs det hjelp i kvardagen med praktiske oppgåver – slik at ho og familien får ein trygg, stabil og lettare kvardag.

Arbeidsoppgåver

  • Aktivitetar og sosialisering med brukar
  • Matlaging til brukar
  • Handle daglegvarar ved behov
  • Hjelp til vanlege praktiske gjeremål i heimen

Arbeidstid og omfang: 

  • Mellom klokka 12.00 og 22.00 på kvardagar
  • Arbeid kvar tredje helg, mellom klokka 12.00 og 21.00
  • Me er fleksible med turnus og timar for den rette personen
  • Arbeidet vil utgjere ca 20 timar pr. veke, og 15 timar kvar tredje helg

Kvalifikasjonar

Krav

  • Beherskar norsk munnleg
  • Ha evne til å samarbeide og bidra positivt 
  • Ha god arbeidsmoral og møte til avtalt tid

Ønskjer

  • Erfaring er fint, men ikkje eit krav – me gir opplæring

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør og kan bidra med litt humor i kvardagen
  • Du er tolmodig, roleg og ansvarsbevisst
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt
  • Politiattest må fremleggjast ved tilsetting (pålagt lovkrav)

Me tilbyr

  • Ein meinigsfull jobb kor du verkeleg kan gjere ein forskjell
  • Eit trygt og hyggeleg heimemiljø
  • God opplæring og støtte
  • Moglegheit for fleksibel arbeidstid
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Arbeidstilhøve

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted