Brenn du for barn og fellesskap? Me søkjer teamleiar med fagansvar

  • Deltid
  • ERFJORD, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 31. juli 2025

Suldal kommune Erfjord skule

Me har ledig 80% stilling som teamleiar med fagansvar ved Erfjord skule frå 11.08.25 – 23.06.2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Teamet vil bestå av team-leiar, lærar, miljørettleiar og fagarbeidarar. Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet.

Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 80 elevar. Skuleåret 2025 – 2026 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.

Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av følgjande:

  • Samarbeids-møter med leiinga. Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover.
  • Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor.
  • Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift
  • Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet
  • Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet. Fokus på felles kompetanseheving, å bygge laget og utvikle felles praksis.
  • Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø
  • Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Tilleggsutdanning på høgskulenivå innanfor eitt eller fleire felt som t.d. førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk

Personlege eigenskapar:

  • Du har handlingskompetanse, og har evne til å ta avgjernadar og skapa endringar
  • Du er god på relasjonsbygging
  • Du er ein trygg og stabil vaksen
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne
  • Du har eit positivt menneskesyn

Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du:

Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.

Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.

Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

Velkommen som søkjar!  Me ser fram til å høyra frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted