Alver kommune
Om stillinga
Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som brannkonstabel knytt til Lindås stasjon.
Dette er ei stilling med vakt kvar femte veke. Ein har då vakt frå kl 15:30 til 08:00 kvardagar og frå kl 15:30 fredag til kl 08:00 måndag + heilagdagar
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
- Operative oppgåver/utrykkingar
- Plikter å delta på øvingar og kurs
- Vedlikehald av bilar og operativt utstyr
- Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Kompetansekrav
Krav til stillinga;
- Fullført og bestått aspirantkurs
- Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
- Godkjent helsekontroll
- Politiattest – I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest ved tiltreding
- Bustad maks 10 minutt frå stasjon/depot
- Fysisk og psykisk skikka til stillinga
- Førarkort klasse B
- Mestre norsk munnleg og skriftleg
Kandidatar med lengre avstand til stasjonen/depotet kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar.
Ønska kompetanse;
- Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole
- Annan brannrelatert utdanning
- Førarkort klasse C og BE
- Båtførar sertifikat
- E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring
Våre forventningar til deg
- Vi ser etter deg som er pålitelig og har god rolleforståing
- Du opptrer roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere
- Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkande lagspelar
Personlege eigenskap vert vektlagt.
Me tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
- Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk
- Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)