Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune
Stranda kommune har ledig 2 deltidsstillingar som brannkonstabel i 1,97% stilling frå 15.1.2026. Ei stilling er fast og den andre er eit vikariat i 1 år.
Arbeidsstad for tida Stranda brannstasjon.
Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Kvalifikasjonar
- På søkartidspunktet må du fylle helsekrav etter ”veiledning om helseundersøkelse og fysiske tester for røyk- og kjemikaliedykkere”
- Søkjar må ha fylt 21 år
- Førarkort klasse BE. Ønskjeleg med førarkort klasse C
- Disponere bil for transport til brannstasjonen ved utrykking.
- Bustad og arbeidsplass bør vere innan 3- 4 km frå brannstasjonen, avvik frå dette kan avtalast særskilt
- Vi ynskjer ei stadfesting frå arbeidsgjevar på at ein kan forlate arbeidsplassen ved utrykking og at ein kan ta permisjon ved øvingar/kursdeltaking
Utdanning i form av kurs og øvingar som må påreknast.
- Nettbasert brevkurs brannvern
- Grunnkurs for deltidspersonell
- 2-årig Internopplæring
- Andre relevante brann- og redningsfaglege kurs ihht stilling
- Det er lagt opp til 10-12 øvingar pr år der dei fleste blir gjennomført på kveldstid
Personlege eigenskapar
- God fysisk og mental kapasitet
- God ordenssans, samarbeidsvillig og motivert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Inge Teigen, Brannsjef
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5050361086
Stillingsprosent: 1,97%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 19.12.2025