Bømlo heimeteneste søkjer miljøterapeut

  • Heltid
  • BREMNES, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 9. august 2025

Bømlo heimetenester søkjer ein engasjert og utviklingsorientert miljøterapeut som brenn for å gjere ein forskjell i kvardagen til eldre og personar med behov for støtte som bur heime. Me tilbyr ei spanande og variert stilling der du får vere med å utvikle og gjennomføre aktivitetar og opplevingar som fremjar meistring, livsglede og sosial deltaking – både i faste dagtilbod og i ambulerande tenester.

Som miljøterapeut hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som jobbar for at brukarane våre skal kunne leve gode og sjølvstendige liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad. Du får høve til å bruke både fagkunnskap og kreativitet i møte med menneske, og du vil få ansvar for både praktiske oppgåver, dokumentasjon og samarbeid med pårørande og andre fagmiljø.

Stillinga inneber dagarbeid på vekedagar med arbeid kvar. 3 helg.

Er du klar for å bidra til eit inkluderande og inspirerande miljø der trivsel og fagleg utvikling går hand i hand? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Tilretteleggje for aktivitetar og opplevelsar i dagtilbod for eldre.
  • Hjelpe brukarar av dagtilbodet ved måltid, praktisk hjelp og medisinutdeling.
  • Tilretteleggje for aktivitetar og opplevelsar i ambulerande dagtilbod.
  • Samarbeide med brukarane og pårørande, samt med ulike fagmiljø internt i kommunen.
  • Ha ansvar for dokumentasjon i profil i tillegg til enkelte administrative oppgåver.
  • Ha sjølvstendig ansvar for å halde deg fagleg oppdatert.
  • Arbeidsoppgåver på helg: personretta hjelp, matombringing og praktisk vegleiing.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag/pedagogikk.
  • Erfaring og kompetanse frå arbeid med personar med kognitiv svikt blir sett på som ein fordel.
  • Førarkort kl. B.
  • Ein må fungera godt fysisk, og trivast med ulike aktivitetar inne og ute.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein relasjonsbyggjar og trivst i samarbeid med andre.
  • Du er strukturert og systematisk i arbeidet.
  • Du engasjerer og mobiliserer brukarar, lokalt næringsliv, frivillige og pårørande.
  • Du er kreativ i høve til å skape aktivitetar, opplevingar og kan bidra til vidare utvikling av tilbodet til brukarane.
  • Du er fleksibel og innehar gode kommunikasjonsevner. 

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune. 
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar. 
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk. 
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). 
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben. 
     

Andre opplysingar

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. 
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med May Linn Bortne til og med 13.07.25 og Elin Akse Vik frå 14.07.25 – 30.07.25.

Kontaktinformasjon

May Linn Bortne, Avdelingsleiar Sone sentrum , 917 63 643, May.Linn.Bortne@bomlo.kommune.no
Elin Akse Vik, Avdelingsleiar Sone sør, 412 48 119, Elin.Akse.Vik@bomlo.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4986302072
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted