Bli spesialist i ortopedi – LIS 3

Ortopedisk avdeling, Haugesund sjukehus

Er du lege og ønskjer å spesialisere deg innan ortopedi?

Vi tilbyr eit 6-månaders vikariat med oppstart i august der du vil få eit solid utdanningsforløp som fører til spesialiteten innan ortopedisk kirurgi. 

Utdanninga blir hovudsakleg gjennomført lokalt, med tilleggsutdanning ved Helse Bergen/Helse Stavanger.

Dette er ein LIS3-stilling som føreset at LIS1-tenesta er fullført.

Send oss søknaden din i dag – vi ser fram til å bli kjent med deg!

Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i avdelinga si drift
  • Visittgang
  • Skadepoliklinikk og operasjonsassistanse
  • 9 delt LIS3 vakt bak LIS1
  • Deltaking i fagleg undervisning 
  • Eit halvt års rotasjon til Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå ortopedisk kirurgi eller spesielt interesse for faget
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • er sjølvstendig
  • har gode kommunikasjonsevner med pasientar og kollegaer
  • er ansvarbevisst
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • har gode evner til samarbeid

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • 40.000,- i rekrutterings og stabiliseringstillegg ved oppstart i stillinga
  • løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • eit høgt fagleg nivå

Fra 01.01.25 tilbyr vi 

  • 15.000,- i erfaringstillegg til alle LIS2/3 som har 2 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3
  • 15.000,- i kontinuitetstillegg til alle LIS 2/3 som har 3 års ansiennitet i utdanningsstilling LIS2/3

Kontaktinformasjon

Christer Holtan, Avdelingsleder lege, 52732420, christer.holtan@helse-fonna.no

Arbeidsstad

karmsundsgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4992464453
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted