RETURA SØRE SUNNMØRE AS
Er du klar til å ta styringa i ei framtidsretta miljøverksemd i vekst – saman med eit engasjert og fagleg sterkt team?
Vi søkjer ein framtidsretta og handlekraftig dagleg leiar som vil vere med å forme og styrke Retura Søre Sunnmøre si rolle som ein viktig aktør innan avfallshandtering og ressursforvaltning. Du vil få ein sentral posisjon i ei viktig miljøbedrift med 11 dedikerte tilsette, der du skal balansere forretningsmessige mål og utvikling med samfunnsansvar, drift og kundane sine behov. Dette er ei spennande moglegheit for deg som har engasjement for leiing, miljø og samfunnsutvikling – og som ønskjer å vere med å forme retninga til verksemda i tett samarbeid med styre, eigarar, tilsette og samarbeidspartnarar.
Arbeidsoppgåver:
- Leie dagleg drift og drive strategisk utvikling av verksemda.
- Styrke vår posisjon som leiande lokal aktør innan gjenvinning.
- Sikre økonomisk kontroll og moderne tekniske løysingar.
- Representere verksemda utad og bygge sterke relasjonar med kundar og samarbeidspartnarar.
- Byggje og utvikle eit sterkt og motivert team.
- Drive effektiv drift og kontinuerleg forbetring av tenestene våre.
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning innan leiing, økonomi, ingeniørfag eller tilsvarande. Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning.
- Evne til å inspirere, utvikle og støtte medarbeidarar.
- God forståing for drift og operativt arbeid – og tek gjerne del sjølv.
- Sterk økonomisk innsikt, budsjettstyring og rapporteringserfaring.
- Strategisk tenking og handlekraft, med interesse for digitalisering og utvikling.
- Flytande norsk, munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr:
- Ei nøkkelrolle i ei samfunnsnyttig og framtidsretta verksemd: Du vil ha ein sentral posisjon i ei bedrift som bidreg til miljøet og samfunnet, med moglegheit til å påverke og utvikle verksemda.
- Ein meiningsfull kvardag med brei kontaktflate: Du vil ha ein variert arbeidsdag med mange spennande oppgåver og samarbeid med ulike aktørar i bransjen lokalt og andre bransjar.
- Sterkt fagmiljø, tett samarbeid og spennande utfordringar: Du vil jobbe i eit kompetent og engasjert team, med godt samarbeid og støtte frå eigarar og styre.
- Moglegheit til å påverke det grøne skiftet: Du vil vere ein viktig aktør i arbeidet med berekraft og miljø, og bidra til å forme framtida for gjenvinningsbransjen.
- Godt arbeidsmiljø: Vi har eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med tilsette som jobbar tett på tvers av ansvar og fagkunnskap for å finne de gode løysningane i fellesskap.
- Brei kontaktflate og nettverk: Du vil få eit breitt nettverk gjennom kontaktfeltet opp mot Retura Norge, med moglegheit til å påverke og utvikle. Vi har både fysiske og digitale samlingar som fremjar samarbeid og utvikling.
- Ein spennande jobb med moglegheit for fagleg og personleg utvikling: Vi tilbyr ein dynamisk arbeidsplass der du kan vekse både profesjonelt og personleg gjennom varierte oppgåver og kontinuerleg læring.
- Konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr attraktive vilkår som reflekterer din kompetanse og erfaring.
Velkommen som søker!