Bioingeniør med fagansvar i Odda – fag, fjord og fjell! 

  • Heltid
  • ODDA, NORGE
  • 30. desember 2025

Laboratoriet Odda sjukehus

Er du bioingeniøren som vil ha fagleg puls på jobb og store naturopplevingar etterpå?

Hos oss i Laboratoriemedisin Odda får du begge delar: fagleg puls på jobb og Hardanger som nærområde.

Når du er ferdig for dagen, ventar Trolltunga, brevandring og stille kajakkturar mellom høge fjell, sykkelturar gjennom blomstrande frukthagar med sidergardar – og, om du vil, korte kveldsturar til nye utsiktspunkt, medan du likevel er heime til middag.

 Har du lyst til å bli ein del av ein liten lab med varmt miljø og folk som ser deg – og ein livsstil som gjer det lett å lande i kvardagen? 👉 Då er du velkomen til å søkje – vi vil gjerne høyre frå deg! 

Utforsk turar og opplevingar i Odda: Aktiviteter

Les meir om kva Odda har å by på: Opplevelsar

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for tapping, produksjon og blodtypeserologi på Odda sjukehus
  • Oppfølging av rutiner og prosedyrer for analysering, tapping, produksjon og utlevering ved Odda sjukehus.
  • Kontaktperson Hemovigilans 
  • Ansvar for at hygienekontroll blir utført
  • Ansvar for at mottakskontroll av celler blir utført
  • Bestilling av varer innan fagområdet
  • Delta i laboratoriets rutinedrift.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Det er ønskelig med minimum 5 års erfaring som bioingeniør innan transfusjonsmedisin, men vi oppfordrer også andre til å søke.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som: er presis og løysingsorientert, med god oversikt i travle periodar.  Du likar å dele kunnskapen din og bidreg til god flyt – både på eiga hand og saman med kollegaer.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Sterkt fagmiljø i lite sjukehus – du ser effekten av jobben din kvar dag
  • God start – strukturert opplæring
  • Sosialt og godt fellesskap
  • Turnus med friperiodar – vi finn gode løysingar saman
  • Flyttegoder: flyttekostnader (inntil 20 000 kr) og dekka husleige første 6 månader (inntil 60 000 kr).

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4998474036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted