Bioingeniør – fast stilling

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 14. juni 2025

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegruppar (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg. 

Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss. Oppstart etter avtale. Aktuelle kandidater blir kontakta forløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Dei som blir tilsett må pårekne å utføre både analytiske og preanalytiske oppgåver
  • Blodprøvetaking
  • Bioingeniørar i grunnstilling må delta i vaktturnus

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
  • Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide både i team og sjølvstendig og effektivt organisere eigen arbeidsdag
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no
Anne Grete Aune, Seksjonsleiar MBF Drift og personalstøtte, 55973123, anne.grete.aune@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 91b
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4972248239
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted