Bioingeniør/Avdelingsingeniør

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 3. mai 2025

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk genetikk, Helse Bergen HF

Avdeling for medisinsk genetikk (MGM) er ei av åtte organisatoriske einingar i Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har regionansvar for genetiske tenester i Helse Vest. Vi har om lag 90 tilsette med ulik yrkesfagleg bakgrunn, og vi er organisert i ein seksjon for klinisk genetikk, ei laboratorieeining med to seksjonar og ein merkantil seksjon. Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK) og Regionalt senter for presisjonsmedisin er òg knytta til avdelinga. Vi held til i lyse og trivelege lokale i 6. etasje i Laboratoriebygget, medan vår Medisinsk-genetiske poliklinikk er lokalisert til 2. etasje i same bygg.

Verksemda er kjenneteikna av tett integrering mellom klinikk og laboratorium for diagnostisk utgreiing, rettleiing og oppfølging av pasientar og deira familiar med sikker eller mistenkt genetisk tilstand. Fagområdet medisinsk genetikk er i rask endring, basert på ny teknologi som gjer det mogleg å analysere alle dei genetiske variantane til eit menneske i éin prøve. Gjennom utviklinga av persontilpassa medisin forventar vi at raskt aukande kunnskap om variasjon i arvestoffet vil få stor innverknad på medisinsk praksis i framtida. Forsking er ein viktig del av vår verksemd.

Stillinga er knytta til laboratoriediagnostikkseksjonen som utfører cytogenetiske- og molekylærgenetiske analysar på pre- og postnatale prøvar for å sjå etter genetiske avvik som kan vera sjukdomsgivande. Om den som vert tilsett ikkje er autorisert bioingeniør vil nødvendig kurs/opplæring i prøvetaking bli gitt.

Den diagnostiske laboratorieverksemda er akkreditert etter ISO 15189. Rask teknologisk utvikling samt aukande etterspurnad etter våre tenester medfører eit aktivt og travelt arbeidsmiljø i kontinuerleg endring.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg drift
  • Delta i blodprøvetaking av inneliggande og polikliniske pasientar
  • Oppgåver knytt til instrumentansvar kan inngå

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør er ein fordel
  • God kjennskap til bruk av laboratorieinformasjonssystem
  • Erfaring med laboratoriearbeid i medisinsk genetikk er ein fordel
  • Arbeidserfaring frå eit akkreditert laboratorium er ein fordel
  • Personlege eigenskapar blir vektlagd
  • Må meistre norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Samarbeidsvillig
  • Fleksibel
  • Nøyaktig
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Atle Brendehaug, Sjefbioingeniør, 55975481
Kjetil Solland, Seksjonsleiar, 55975487

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4950932541
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted