Bioingeniør

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 16. august 2025

Laboratorieklinikken / Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) / AIT- drift, Helse Bergen HF

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin er ei avdeling i Laboratorieklinikken med om lag 125 tilsette. Avdelinga driv analyseverksemd, rekruttering og tapping av blodgivarar, produksjon og utlevering av ulike blodprodukt, medisinsk rettleiing, både pasientretta- og utprøvande stamcelleverksemd, utvikling av nasjonal blodberedskap, undervisning og forsking. Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Avdelinga søker etter engasjerte og motiverte medarbeidarar som vil trivast i eit spennande arbeidsmiljø med mange ulike oppgåver. Vi legg til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste, dei tilsette er vår viktigaste ressurs.

Ved avdelinga er det ledig ei fast stilling som bioingeniør. Stillinga er knytta til Seksjon for celleterapi. I stillinga som bioingeniør vil ein få utfordrande og varierte oppgåver knytta til stamcellebehandling. Seksjon for celleterapi handterer og prosesserer celleterapiprodukt av høg kvalitet på oppdrag frå Seksjon for blodsjukdomar, Kreftavdelinga og Barne- og ungdomsklinikken. For å ivareta høge kvalitetskrav har seksjonen godkjenningar frå helsemyndigheitene og er akkreditert av JACIE (Joint Accreditation Committee ISCT-Europe & EBMT), Europas offisielle sertifiseringsorgan innan hematopoietisk celletransplantasjon og cellulær terapi. Seksjonen er framtidsretta, og det pågår fleire spennande prosjekt, også innan immunterapi. Det er planlagt innflytting i nye GMP-klassifiserte lokale i løpet av 2025.

Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, der ein òg må delta i beredskapsvakter på ettermiddag.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i dagleg drift ved seksjonen
  • Bearbeiding av autologe og allogene stamcelleprodukt frå aferesehaustingar
  • Mottak og handtering av celleprodukt frå inn- og utland
  • Delta i beredskapsordning for mottak av stamcelleprodukt frå eksterne donorsenter
  • Klargjering av stamcelleprodukt for infusjon til pasient
  • Opplæring av medarbeidarar
  • Bidra til vedlikehald og viereutvikling av prosedyrar
  • Delta i blodprøvetaking av inneliggande pasientar
  • Andre oppgåver kan tilkome

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Annan relevant utdanning på masternivå, med relevant arbeidserfaring kan vurderes 
  • Du må kunne meistre norsk både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med celler i laboratorium
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Evne til å samarbeide i team og jobbe sjølvstendig, målretta og med fleire arbeidsoppgåver samtidig
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Ha evne og ønske om å dele informasjon som er viktig og nyttig for andre på seksjonen
  • Trivast med å arbeida i eit tverrfagleg miljø, meistrar høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • Løysings– og utviklingsorientert
  • Ha engasjement for fagfeltet og ønske om  å vidareutvikle kompetanse
  • Systematisk og ryddig

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

 

Kontaktinformasjon

Ingvill Christensen Curran, Seksjonsleiar, 55977861, ichr@ihelse.net

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4993094935
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted