LMBB, seksjon Førde, Helse Førde
Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur!
Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. Bioingeniørstudentar på 3. året er også velkomne til å søkje.
🌟 Her får du:
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin
- Tett samarbeid med erfarne kollegar i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
- Tredelt turnus, grundig opplæring og du er aldri aleine på vakt
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon
🌍 Førde – din nye by:
- Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
- Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiske rett utanfor døra
- Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna
🎉 Sosialt miljø:
Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.
Er du klar for å ta steget? Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!
Startdato etter avtale. Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB.
Arbeidsoppgåver
- Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
- Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt
- Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga
- Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør. 3.-års bioingeniørstudenter som får autorisasjon sommaren 2025 kan også søke
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel
- Gode IKT kunnskaper
Personlege eigenskapar
- Vere fagleg engasjert og interessert
- Jobbe stukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, (+47) 918 25 148
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4976919668
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025