Barnehagelærer

  • Heltid
  • SVEIO, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 6. august 2025

Om stillinga

Sveio  barnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentrumsnært. Me har kort veg til skog og hei, vatn, bibliotek, skule, symjehall, idrettsanlegg, Salamanderpark og kjøpesenter. Vi har 3 avdelingar med for tida 54 barn fordelt på tre avdelingar, 1-6 år.

Visjonen vår er: Robuste barn meistrar livet. 

Vi har fokus på natur, bærekraft og kosthald.

Vi har aktivt og engasjert personale som brenner for arbeidet sitt. Dei tilsette har høg kompetanse og lang erfaring.

Vi er med på Regional kompetanseheving saman med høgskulen HVL der vi arbeider målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet.

Vi søker nå barnehagelærer.

 

Arbeidsoppgåver

  • bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
  • planlegge, gjennomføre og dokumentere , vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
  • rettleiing av personale
  • foreldresamarbeid
  • tverrfagleg samarbeid
  • prosjektarbeid/utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • ha gode norsk-kunnskaper
  • oppnådd nivå A2 på delprøven i skriftleg framstilling og nivå B1 på delprøvane i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
  • godkjent 3 årig barnehagelærer utdanning  eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som pedagog i barnehage
  • levere godkjent politiattest ved oppstart

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg personlege eigenskapar, som at du:

  • er motivert, kreativ, godt humør og kunne undre seg saman med barna
  • har god relasjonskompetanse og god omsorgsevne
  • er fagleg sterk og gode samarbeidsevner
  • ynskjer å være med å vidareutvikle barnehagen. Være med i endringsprosessar.
  • kan arbeide sjølvstendig, være løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
  • har god forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
  • er glad i friluftsliv og å være ute
  • har evne til å væra ein tydeleg rollemodell for barn og vaksne

Vi tilbyr

  • kompetente og dyktige kollegaer 
  • eit utviklande og spennande arbeidsmiljø kor ein fram-snakkar kvarandre og har positive forventningar til kvarandre
  • lønn etter gjeldande tariff

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted