Osterøy kommune
Om stillinga
- Lonevåg barnehage har 1 ledig vikariat som barnehagelærar. Ei av våre dyktige medarbeidarar skal ha foreldrepermisjon og vi har difor ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar.
- 01.08.25 til og med 6.1.26 Ved behov vil det vere mogleg at vikariatet kan bli forlenga.
- Stillingen er per i dag knytt til småbarnsavdeling med opp til 13 born i alderen 1 og 2 år.
- Vi ønskjer oss dyktige barnehagelærar som kan vere trygge og gode vaksne i barnehagen vår, både for barn, føresette og kollegagruppa.
- Om du har spørsmål om stillingane eller om barnehagen, er du meir enn velkomen til å ta kontakt med oss. Vi håpar å sjå ditt namn på søkjarlista!
- Søknadsfrist 27.05.25.
Arbeidsoppgåver
- Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av vårt pedagogiske tilbod.
- Ansvar for å planlegge, tilrettelegge, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med Rammeplanen.
- Støtte og vere til stades for barn i leik og alvor.
- Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid.
- Bidra til godt arbeidsmiljø og bidra i kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen.
- Vere ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet.
- Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid og Individuell utviklingsplan for enkeltbarn
- Delta i daglege gjeremål på avdelinga og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingane og personalet..
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer.
- leiaropplæring for pedagogar frå hausten 2025
- Godt arbeidsmiljø og ein lærande organisasjon.
- Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer.
- Tariffløn, offentlig pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov-avtaleverk.
- Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelorutdanning som barnehagelærar.
- Grunnleggande datakunnskaper.
- Interesse for språkarbeid, pedagogisk dokumentasjon og utviklingsarbeid.
- Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg, jf. Barnehagelova §27.
- Det er krav om politiattest ved tiltredning jfr barnehagelova §30. Attesten kan ikkje vera eldre enn 3md.
Kven er du?
- Du er fagleg sterk og evner å setje om planar til praksis.
- Du let barna medverke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna.
- Du evner å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap.
- Du er engasjert og god på å samarbeide og kommunisere med foreldre og kollegaer.
- Du bidrar til større fagleg utvikling i heile personalgruppa.
- Du er positiv, fleksibel og utprega løysningsorientert.
- Du er lojal og bevisst din profesjonelle rolle i barnehagen.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!