Barnehagelærar

  • Heltid
  • BYGLAND, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 14. juni 2025

Bygland barnehage og Byglandsfjord barnehager, Bygland Kommune

Oppvekssektoren i Bygland kommune består av Bygland skule, 1.-10.-og SFO, Bygland Barnehage, Byglandsfjord skule 1.-7 og SFO, samt Byglandsfjord barnehage, Alle ligg naturskjønt til i flotte turområde Begge barneskulane er fådelte.

Alle barn i barnehagane i Bygland kommune, skal få erfare å vere ein viktig del av fellesskapet. Vi legg til rette for gode relasjonar og venskap slik at barna skal ha ein trygg kvardag i samspel med andre. Leik vert prioritert, og dei gode felles opplevingane på tvers av alder, samarbeid med skulen/SFO og turar i nærområdet er viktige for oss.

Bygland barnehage ligg i Bygland sentrum, like ved Bygland skule og Byglandshallen. Bygland barnehage har 2 avdelingar med tilsaman 26 barn. I tillegg har SFO base i barnehagen. 

Byglandsfjord barnehage ligg i sentrum av Byglandsfjord, og er i same bygg som skulen. Årdalshallen ligg også rett ved sida av oppvekstsenteret. Byglandsfjord barnehage har to avdelingar, med tilsaman 17 barn. Vi har ein variert og stor uteleikeplass, og det er gangavstand til bl.a. butikk og bibliotek.

Lærarar/barnehagelærarar og fagarbeidarar arbeider tett saman, med barna/elevane sin trivsel, tryggleik og læring som felles mål.

No er det ledig 100 % vikariat som Barnehagelærar. Stillinga vert delt på begge barnehagane (60 % Byglandsfjord og 40 % Bygland) i perioden 01.08.2025-31.07.2025.

Med tilbyr

  • Eit engasjert og kompetent fagmiljø. Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Deltaking i
    kompetanseheving.
  • Givande og varierte arbeidsoppgåver gjennom leik og læring
  • Ein sektor i utvikling.
  • Pensjonsordning gjennom KLP og god personal- og skadeforsikringsordning.
  • Lønn iht. gjeldane tariff.

    For tilsetting i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før
    tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).

    Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden
    får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast
    (jf. Offentleglova § 25).

  

Arbeidsoppgåver

  • Leia og organisera pedagogisk arbeid for barn og barnegrupper i tråd med barnehagelova og rammeplanen. 
  • Samarbeide aktivt med styrar, kollegaer og føresette som ein del av leiarteamet til barnehagen.
  • Dagleg omsorg og oppfølging av barn/elevar inne og ute
  • Legge til rette for aktivitet og læring
  • Støtte og rettleie barn i sosialt samspel, og bygge fellesskap
  • Samarbeide med føresette og tilsette
  • Delta i pedagogisk utviklingsarbeid
  • Bidra i planlegging av pedagogisk verksemd
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærar utdanning.
  • Barnehagelærer-studentar og søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning og tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk, vil også bli vurdert.
  • Annan relevant kompetanse og erfaring kan veie opp for kvalifikasjonskravet, etter ei konkrret vurdering

Personlige egenskaper

  • Ein trygg og varm vaksen som kan sette grenser og rettleie
  • Ein som er positiv og engasjert i barn
  • Trivst med leik og aktivitet
  • Stabil og påliteleg
  • Fleksibel og samarbeidsviljug
  • Sjølvstendig og ansvarsfull

Kontaktinformasjon

Siw Homme, Barnehagestyrar, +47 951 16 960, siw.homme@bygland.kommune.no
Sigrid Greibrokk, Barnehagestyrar, +47 957 46 056, sigrid.greibrokk@bygland.kommune.no

Arbeidssted

Sentrum 18
4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 4958638299
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 15.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted