Barnehagane i Lom treng ein pedagogisk medarbeidar i minst 60% stilling

  • Deltid
  • , NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Barnehagane i Lom treng fleire tilsette

Barnehagane treng fleire tilsette for å dekkje opp fråvær knytt til permisjonar og anna fråvær, både kort- og langtid.

Loar barnehage treng minst 60% stilling som pedagogisk medarbeidar frå 1. januar og ut barnehageåret, grunna permisjon.

Kvalifikasjonskrav

For pedagogisk medarbeidar er det ynskjeleg med fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar, men anna relevant utdanning og erfaring vil også bli vurdert.

Bruk sjansa og finn ut om barnehagen kan vera ein arbeidsplass for deg! Vi treng deg som kan gje barn eit trygt og godt barnehagemiljø.

Personleg eignaheit blir også vektlagt.

Vi kan tilby:

  • Fagleg spanande og gjevande arbeid med barn si utvikling

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med høve til å lære mykje

  • Løn etter gjeldande tariffavtale

  • Pensjonsordning gjennom KLP

  • Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til samtale.

  • Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg.

  • Godkjend politiattest (ikkje eldre enn 3 mnd) skal synast fram før tilsetting.

Lom har to kommunale barnehagar.

Loar barnehage ligg i Lom sentrum, rett ved barneskulen og Presthaugen. Loar har 4 avdelingar, og har omgjevnader med naturen tett på. Her er det mange moglegheiter i og utanfor barnehagens område.

Garmo barnehage ligg 15 km aust for Lom sentrum. Garmo barnehage har 3 avdelingar dette barnehageåret. Barnehagen har skogen og naturen tett på, samt stort og godt leikeareal ute. Inne er det stor og god plass, samt eigen gymsal.

Barnehagane samarbeider tett og personalressursane blir sett samla.

Jobbsted