Trollsletta Barnehage
Trollsletta Barnehage, Volda
Barne- og ungdomsarbeider/Assistent Trollsletta Barnehage
Trollsletta barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage med blanda aldersgruppe frå 1-6 år. Barnehagen vart etablert i 1986 og har sidan starten hatt fokus på å gi born eit mangfald av gode opplevingar knytt til natur, tur og friluftsliv. Sentralt i vår filosofi er tette relasjonar mellom vaksne og born og aktiv bruk av praktiske kvardagssituasjonar som base for god læring.
Har du lyst til å jobbe i ein tradisjonsrik liten barnehage i Volda kan vi tilby:
• Vikariat som barne og ungdomsarbeider/Assistent i 80 prosent stilling med muligheit for fast stilling
• 21 barn frå 1 – 6 år
• Mykje godt uteliv i vær og vind
• Gode arbeidsvilkår med tariffavtale
Dine kvalifikasjonar:
- Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne og ungdomsarbeidar.
• Erfaring fra jobb i barnehage eller liknande er ynskjeleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
• Du er fagleg engasjert og løysningsfokusert.
-
Du er glad i barn, har evne til å byggje gode relasjonar. Du er engasjert og deltakande i barns leik og utvikling.
-
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
-
Gode norskkunnskapar.
• Ta ei regnbyge eller to med godt humør
Ønska oppstart februar 2026. Stillinga er eit vikariat i 80 prosent. Dine oppgåver blir være med å planlegge og gjennomføre aktivitetar med barnegruppa samt ta del i daglege gjeremål saman med resten av personalet i barnehagen.
Søknad med CV sendast til:
Trollsletta barnehage,
Kårstadvegen 16, 6103 Volda eller epost: styrer@trollsletta.no For meir informasjon om stillinga – kontakt styrar på telefon 469 51 864.
Stillinga har krav om godkjent politiattest.