Barne-og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, Basen

Giske kommune, Valderøy barneskule

Vi har ledig 2 x 100 % stillingar som barne- og ungdomsarbeidar /helsefagarbeidar ved Valderøy barneskule, avdeling Basen. Begge stillingane er ledige frå 01.08.2025 og følgjer normalarbeidsår.

Opplæringstilbodet i Basen vil vere eit tilbod for elevar frå 1.-10. trinn, med Giske kommune som opptaksområde. Målet for arbeidet i basen er at elevane våre skal få erfare meistring og individuell utvikling, med utgangspunkt i det eleven kan. Basen skal utgjere eit inkluderande fellesskap, i tett samarbeid med trinn og klasser. Avdelinga gir eit heildagstilbod.

Valderøy barneskule er ein 1 – 7 skule med ca. 450 elevar. Rundt 170 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Med hjarte for læring» – med fokus på vekst og varme.

Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.

Skulen er fulldigitalisert med nettbrett 1:1.

Menn blir oppfordra til å søkje.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe barn med store og omfattande behov for tilrettelegging med praktiske oppgåver, blant anna stell og ved måltider.
  • Leike, lære og utforske i lag med barn, både ute og inne.
  • Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik.
  • Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer.
  • Støtte og hjelpe elevar med ulike behov for meistring av skulekvardagen.

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer helst søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller med autorisasjon som helsefagarbeidarar, men andre med relevant utdanning og/eller erfaring kan også søkje.
  • Det er ønskjeleg med ASK og/eller teiknspråkkompetanse.
  • Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
  • Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog.
  • Vere trygg i konflikthandtering.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse. 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar.
  • Tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus.
  • Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst.
  • Gode samarbeidsevne med barn og vaksne. 

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer.

Kontaktinformasjon

Terje Andrè Austnes, einingsleiar/rektor, +47 90787060

Arbeidsstad

Øvstevegen 19
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4954626863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted