Bokn kommune Oppvekst
100 % Vikariat Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar stilling i Bokn Barnehage
Me har ledig eit vikariat 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar frå og med snarast og tom 31.12.26 med moglegheit for forlenging.
Bokn kommune har som mål å skapa eit trygt og inkluderande samfunn, som er med på å bygge opp robuste samfunnsborgarar, slik at det er kjekt å koma attende til Bokn.
Alle barn fortener ein god start. Barn og unge skal oppleva å læra, leika, utvikla seg og å meistra. Trygge rammer er viktige; trygge barn som trivs, lærer betre. I Bokn kommune skal me ha barnehage og skule som gjev høve til god utvikling for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar. Dei må ha vaksne rundt seg som gjev støtte og omsorg, anten dei må ha hjelp til å finna seg ein ven, delta i leik eller læra seg å lesa, skriva og rekna og forstå samfunnet me lever i.
Bokn kommune har no utarbeida ny oppvekstplan.
Barnehagen og skulen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og
mark og det gjer at me ofte er på tur her.
Barnehagen og skule har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse.
Bokn barnehage
Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 45 barn, og 14 tilsette.
Kven ser me etter?
Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne. Du
er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane. Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.
Barnehagen er mykje ute på turar, og naturen er ein del av vår leikeplass. Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade. Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse!
Kompetansekrav
– godkjend utdanning som Barne- og ungdomsfagarbeidar
– erfaring frå arbeid i barnehage
– beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2
– beherske digitale verktøy
Som arbeidsgivar kan me tilby
– lønn etter tariffavtale
– moglegheit for personleg og fagleg utvikling
– medlemskap i offentleg pensjonsordning
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillingar"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Søknadsfrist 18.02.2026 Utlyst dato 04.02.2026
Kontaktperson
Kate Åse Helgø, Barnehagestyrar, tlf: 48254428, kate.ase.helgo@bokn.kommune.no
Åse Bratthammer, Oppvekstsjef, tlf 95839162, ase.bratthammer@bokn.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her