Barne- og ungdomsarbeidar/assistent – 80 % vikariat

Om stillinga

Ved Ostereidet barneskule er det i perioden 01.01.2026 – 31.07.20265 ledig ein 80 % stilling som assitstent /pedagogisk medarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar. 

Ostereidet barneskule har ledig omlag 80% stilling som pedagogisk medarbeidar frå 01.01.26 – 21.06.26 Stillinga kan bli forlenga hausten 26 ved Ostereidet ungdomsskule. Me søkjer i utgangspunktet etter barne- og ungdomsarbeidar, men helsefagarbeidarar, vernepleiarar er òg aktuelle. Personar med anna erfaring frå arbeid med born, kan òg søkja.

Ostereidet barneskule er ein 1 – 7 skule som dette skuleåret har 106 elevar. Det er 17 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg fint til i nærleik til naturen, med kort veg til idrettsanlegg og basseng.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i borna sin leik og aktivitetar.
  • Skapa trygge og gode relasjonar til borna.
  • Observera og følgja opp einskildborn.
  • Bidra til borna si sosiale, motoriske og språklege utvikling.
  • Bidra til eit godt og inkluderande miljø for born og vaksne.
  • Gjennomføra pedagogiske opplegg
  • Delta på nødvendige kurs og intern opplæring.
  • Alt etter stillingsstorleik, kan det vera aktuelt med arbeid på skulefritidsordninga SFO.

 

Kvalifikasjonskrav / ønska kompetanse

Ønskt kompetanse :

  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Helsefagarbeidar
  • Vernepleiar
  • Assistent med relevant erfaring frå liknande arbeid.

Stillinga krev at ein beherskar norsk, og det er krav om gyldig politiattest t tråd med opplæringslova.

Vi tilbyr

Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring. 
God pensjonsordning i KLP. 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted