Badevakt – tilkallingsvikar

Gullbring - kulturhus, Midt-Telemark kommune

Gullbring Kulturhus er eit av dei største og mest brukte kulturhusa i Telemark, og er ein del av Midt-Telemark kommune. Huset blir besøkt av om lag 220 000 menneske årleg. Vi driv kino, idrettshall, symjebasseng, konsertsal, kulturskule og har ti andre ulike større og mindre møterom, i tillegg til fleire leigetakarar innan kultur og idrett/fritid. Alt dette er knytt saman med ein stor kafé i vår lobby, Framstugo.

Me søkjer badevakt/kulturhusmedarbeider til vårt kulturhus som tilkallingsvikar. Arbeidstida er primært på ettermiddagar, kveldar og i helg.

I Gullbring vil du ha varierte oppgåver i løpet av veka. Du vil sikre tryggleiken til dei som bader i bassenget, mulighet for vakter i kafe og å operere kinoutstyret. Det vil alltid vere fleire på jobb som arbeider saman som eit team. Opplæring vil bli gitt på alle område, og ein må bestå ein livredningsprøve før ansettelse.

Arbeidsoppgåver

  • Badevakt
    • Ivaretaking av tryggleiken til publikum
    • Handtering av publikum
    • Generelt reinhald og vedlikehald av utstyr
    • Håndtering av tilbakemeldingar på ein profesjonell måte
    • Bistå ellers i huset ved behov

    Kvalifikasjonar

    Krav til kvalifikasjonar

    • Gode svømmeferdigheiter og bestått livretningsprøve, som må gjennomførast hos oss før tilsetting.
    • Være fylt 18 år

    Ønska kompetanse

    • Kvinner oppfordrast til at søkje
    • Erfaring fra liknande stillingar
    • Søkjar bør kunne meistre begge målformer

    Særskilde krav

    • Bestått livredningsprøve før oppstart i arbeidet 

    Personlege eigenskapar

    • Sjølvstendig, tenesterett og tilpasningsdyktig
    • Gode samarbeidsevner og vilje til å ha varierte arbeidsdagar

    Vi tilbyr

    • E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune
    • Lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

    Kontaktinformasjon

    Trine Brox, Avdelingsleiar, +47 93090409

    Arbeidsstad

    Gullbringvegen 34
    3800 Bø

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 4985522964
    Stillingsprosent: 1%
    Engasjement
    Startdato: 18.08.2025
    Søknadsfrist: 30.09.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted