Avtaleforvaltar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 16. august 2025

divisjon medisinskteknisk utstyr og laboratorieprodukt, Sjukehusinnkjøp HF

 

Om stillinga og kven vi er

Sjukehusinnkjøp HF er eit nasjonalt helseføretak med ansvar for å gjennomføra og forvalta anskaffingar på vegner av alle sjukehus i Noreg. Vi inngår avtalar på alt frå medisinsk utstyr og legemiddel til bygg, IKT og tenester – og følgjer dei tett opp i heile avtaleperioden. Dette gjer oss til ein av Noregs største innkjøpsorganisasjonar, med eit sterkt fagmiljø innan offentlege anskaffingar, kontraktsforvaltning og leverandøroppfølging.
No søkjer vi etter ein ny kollega til teamet vårt for avtaleforvaltning. Vi ser etter deg som vil bidra til at avtalane vi har inngått gir verdi i praksis – for sjukehusa, pasientane og samfunnet. Du blir ein del av eit solid fagmiljø i kontinuerleg utvikling, med engasjerte kollegaer, tydeleg samfunnsoppdrag og eit godt arbeidsmiljø.

Vi søkjer to strukturerte og serviceinnstilte medarbeidarar

Avtaleforvaltar – fokus på drift, kundedialog og oppfølging

Vil du bidra til at avtalane vi har inngått for sjukehusa i Noreg faktisk fungerer i praksis? Er du typen som liker å ha oversikt, få ting unna, og samtidig vera den trygge personen som helseføretaka kan kontakta når det gjeld praktisk avtaleoppfølging? Då kan dette vera stillinga for deg.

Vi søkjer no etter ein ny kollega til kontoret vårt i Bergen. Dei vil få eit særleg ansvar for å sikra god oppfølging av leverandørar og kundar i driftsfasen.

Om søknadsprosessen

Vi har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje. Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeida offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot oppføring, må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta dersom søknaden ikkje blir innvilga og få høve til å trekkja søknaden, jf. offentleglova § 25.

Kvar held vi til?
Stillingane er plasserte i avdelinga ved divisjonen for medisinteknisk utstyr og laboratorieprodukt, avdeling avtaleforvaltning. Kontorstad er Bergen.

Arbeidsoppgåver

Om rollen

Som avtaleforvaltar vil du ha ansvar for å:

  • Følgje opp eksisterande avtalar med fokus på drift, endringar og avvik
  • Vere kontaktpunkt for helseføretaka i spørsmål knytt til kontraktar og leveransar
  • Halda oversikt over freistar, dokumentasjon og forpliktingar i avtaleporteføljen
  • Samarbeide tett med innkjøparar, leverandørar og brukarar
  • Sørgje for ryddig og strukturert dokumentasjon i våre systemer

Dette er ei rolle som passar for deg som trivst «på innsida» av organisasjonen – med PC, system, kundedialog og kontroll.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning (t.d. administrasjon, økonomi, jus, helsefag)
  • Erfaring med oppfølging av kontraktar, kundeførespurnader eller systemarbeid
  • Kjennskap til offentlege anskaffingar er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Evne til å setja seg raskt inn i digitale arbeidsverktøy og rutinar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har eit skarpt blikk for detaljar og systematikk
  • Trivst med moderne prosessorientert arbeidsflyt der analyse av data er ein viktig del av jobben
  • Får energi av å «kryssa av» oppgåver og halda oversikt
  • Har god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
  • Liker å hjelpa andre – og har ei naturleg serviceinnstilling
  • Jobbar sjølvstendig og tek eigarskap til ansvarsområda dine
  • Held hovudet kaldt når det er mange førespurnader på ein gong
  • Har gjerne erfaring frå kundeservice, kontraktsforvaltning, offentleg sektor eller helsetenesta

Vi tilbyr

Kva tilbyr vi?

  • Ei viktig rolle med stor samfunnsverdi – du bidreg til at sjukehusa får det dei treng
  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Moderne kontorlokale og fleksibel arbeidskvardag
  • Tett oppfølging i opplæringa og støtte frå erfarne kollegaer
  • Moglegheit for både fagleg fordjuping og utvikling over tid
  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • Moglegheit for heimearbeid

Søknadsprosessen
 
Denne annonsa er på nynorsk – men hjå oss i Sjukehusinnkjøp HF kan du nytta begge dei norske målformene. Du vel sjølv kva målform du skriv søknaden i.

Søkjarar som blir vurderte som mest kvalifiserte, blir kalla inn til intervju. Vi har vanlegvis to intervjurundar, med sjekk av attestar og referansar. Alle søkjarar får tilbakemelding på søknadene sine, uavhengig av om dei blir kalla inn til intervju eller ikkje.
Sjukehusinnkjøp HF er pliktig til å utarbeida offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer å reservera deg mot oppføring må du oppgi og grunngi dette når du søkjer på stillinga. Du vil bli kontakta viss søknaden ikkje blir innvilga og få høve til å trekkja søknaden, jf. offentleglovas §25.

Kontaktinformasjon

Geir Andre Pedersen, Avdelingsleder, +47 92 48 83 30, geir.andre.pedersen@sykehusinnkjop.no

Arbeidssted

Inger Bang Lunds vei 4
5059 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Sykehusinnkjøp HF

Referansenr.: 4981432655
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted