Avsnittsleiar

  • Heltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

FEFE - Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, Møre og Romsdal politidistrikt

Ønskjer du å motivere og utvikle andre i det viktige arbeidet med å nedkjempe økonomi- og miljøkriminalitet?

Vi har ledig eit vikariat på inntil eit år som leiar av avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet. Arbeidsstad er i Ålesund. Du må pårekne noko reiseverksemd.

Du trivast med å jobbe i team og ønskjer å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø på avsnittet. I stillinga skal du utvikle gode rutinar for drift av avsnittet i tråd med sentrale og lokale retningslinjer. Derfor er det også viktig å vere samfunnsorientert og ha god heilskapleg forståing for avsnittet si rolle i politidistriktet og i samfunnet for øvrig.

Hovudoppgåver ved avsnittet er etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og alvorleg miljøkriminalitet. I tillegg bistår vi i andre saker i politidistriktet som dreier seg om profittmotivert kriminalitet og inndraging av økonomisk utbytte. Avsnittet har også fagansvar for menneskehandel og arbeidslivskriminalitet. Dette arbeidet blir utført i samarbeid med andre etatar i form av kontrollar, etterretning og etterforsking.

Om avsnitt for økonomi- og miljøkriminalitet
Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) består i dag av avsnittsleiar og elleve medarbeidarar med tverrfagleg bakgrunn som politi og/eller utdanning innanfor økonomi. Avsnittet er også samlokalisert med ein bistandsrevisor frå Skatteetaten. Avsnittet er stadsplassert ved politihuset i Ålesund og politihuset i Molde. 

Vi oppmodar kvinner til å søkje på leiarstillingar.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle avsnittet innanfor dei strategiar, planar og mål som er sett med fokus på fag, medarbeidarar og produksjon
  • Drive aktiv prioritering av ressursar og straffesaker som er lagt til avsnittet
  • Sørgje for at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • Handtere eiga saksportefølje og bidra i etterforskingar på avsnittet gjennom aktiv utøving av ulike etterforskingsskritt og etterforskingsleiing
  • Delta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følgje opp sentrale krav og føringar
  • Overordna ansvar for fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder legge til rette for OÅO, systematisk erfaringslæring og kunnskapsbasert forbetringsarbeid
  • Samhandle med eksterne samarbeidspartnarar innan fagområdet
  • Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og medarbeidertilfredsheit i organisasjonen
  • Ansvarleg for å drive systematisk HMS-arbeid ved avsnittet
  • Bidra aktivt i seksjonen si leiargruppe
  • Kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Fullført og bestått politi(høg)skulen  
  • Brei arbeidserfaring innan etterforsking av alvorlege straffesaker
  • God kunnskap om lovverket innan etterforsking
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode kunnskapar i bruk av politiet sine datasystem
  • Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønskjeleg:

  • Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring er ein fordel
  • Vidareutdanning innan etterforsking eller studier innan nedkjemping av økonomisk kriminalitet og/eller miljøkriminalitet
  • Anna sivil utdanning innan økonomi eller miljø-fagfeltet 
  • Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og porteføljehandtering
  • Erfaring frå etterforsking av økonomi- og miljøsaker
  • Anna erfaring frå politiet
  • Kjennskap til arbeid innan helse, miljø og sikkerheit
  • Resultatorientert og kan vise til god resultatoppnåing i tidligare stillingar      

Personlege eigenskapar

  • Det vert lagt stor vekt på gode leiareigenskapar herunder evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
  • Kan sette retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
  • Samfunnsorientert og heilskapsorientert
  • God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politioverbetjent, stillingskode 0287, frå kr. 760 000 til kr. 835 000 brutto per år
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Ole Ivar Nybø, Seksjonsleiar, 48887235

Arbeidsstad

Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4923177340
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.03.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 04.06.2025

Jobbsted