Alver kommune
Om stillinga
Ynskjer du eller familien din å dele noko av kvardagen med ein som treng det? Som privat avlastar kan du og familien din gjere ein stor forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom og deira familie, kor barnet/ungdommen har ein funksjonsnedsetjing. Avlastninga vil skje i heimen din.
Du skal gi omsorg og sørgje for trygge omgjevnader – vanlegvis ei helg i månaden, men dette kan variere etter behov. Du samarbeider med pårørande og barnet/ungdommen, og saman finn de ut kva for avlastningstid som passar best for dykk.
Dette er ein jobb for deg som har ekstra omsorg å gje – og rom for eit barn eller ein ungdom som treng at du er tålmodig, roleg og strukturert. Det handlar om å gje pårørande i ein familie "eit lite pusterom", ved å gi barnet/ungdommen deira ei trygg hamn utanfor familien.
Som privat avlaster er du med å skape kvardagsmagi – og gje støtte der det trengst mest!
Arbeidsoppgåver
- Leggje til rette for positive opplevingar for barnet/ungdommen
- Bidra til sosialisering og utvikling
- Følgje opp behov for bistand i dagleglivet
- Vere ein trygg og god omsorgsperson
- Ha ein stabil livssituasjon
- Skape tryggleik og føreseielege rammer
Ønska kompetanse
- Erfaring frå arbeid med barn/unge med funksjonsnedsetjing er eit føremon
- Kunnskap om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er eit føremon
Aktuelle søkjarar blir kontakte fortløpande.
Kven er du?
- Du er tålmodig, omsorgsfull og god til å setje grenser
- Du er tydeleg i kommunikasjonen og trygg i rolla di
Personleg eignaheit vil bli ilagt stor vekt
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til barn/unge og deira familie.
- Du formar sjølv arbeidsdagen eller helga di, og kan kombinere oppdraget med eige familieliv
- Oppdragsavtale; dette gjer moglegheit å ha 100% fast tilsetjing i Alver kommune i tillegg
- Utgiftsdekning etter avtale i samsvar med særavtale SGS – 1030
- Du kan få rettleiing
- Avlønning etter gjeldande særavtale
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.