
Kirurgisk klinikk/ Avdeling for urologi, Helse Bergen HF
Urologisk avdeling er ei spennande kirurgisk avdeling med høg aktivitet og høg kompetanse. Avdelinga har m.a. regionalt ansvar for avansert kirurgisk kreftbehandling i urinvegane og i mannlege kjønnsorgan. Avdelinga deler sengepost med Bryst- og endokrinkirurgisk avdeling. Sengeposten du skal leie har 26 senger og har ca. 2500 døgnpasientar (ca. 2300 urologiske og 800 bryst- og endokrinkirurgiske). Som leiar er du difor ansvarleg for å utvikle sjukepleiekompetansen ved to fagfelt.
Er du opptatt av å gje kirurgiske pasientar god sjukepleiefagleg pleie, utvikle sjukepleiarane sin faglege kompetanse og samtidig har teft for å drifte ei avdeling med stort økonomiansvar? Ja, då kan det vere akkurat deg vi ser etter.
Som avdelingssjukepleiar ved Kirurgisk klinikk, post 2, vil du jobbe tett saman med avdelingssjukepleiar for urologisk poliklinikk. Du vil ha ein assisterande avdelingssjukepleiar og 2 x 50 % fagsjukepleiarstillingar i eigen sengepost. Du rapporterer til avdelingssjef for Urologisk avdeling.
Kirurgisk klinikk, post 2, er ein av fem sengepostar i Kirurgisk klinikk. I vår klinikk samarbeider avdelingssjukepleiarane tett og har felles mål og plan for utvikling av sjukepleietenesta. Vi ser difor etter ein som kan utvikle si eiga avdeling i tillegg til å delta aktivt i utviklinga av Kirurgisk klinikk. Fagfelt i klinikken: gastro, plastikk-/brannskade, urologi, bryst- og endokrin og karkirurgi.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for den daglege drifta av avdelinga
- Personalansvar; inkludert oppfølging og tilrettelegging for tilsette
- Utarbeide turnus, utvikle og fordele dei tilsette sin kompetanse
- Rekruttere og halde på personale med rett kompetanse
- Ansvar for budsjett og rekneskap
- Medansvar for organisasjonsutvikling
- Bidra til samarbeid med andre avdelingar/yrkesgrupper
- Bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det blir lagt vekt på leiarerfaring, og leiarutdanning er ein fordel
- Erfaring frå urologisk og/eller bryst-endokrinkirurgisk sengepost er ønskeleg
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar der søkar er spesielt skikka for stillinga
Personlege eigenskapar
- Må kunne arbeide sjølvstendig
- Må vere i stand til å ta avgjerder, vere fleksibel og kunne vise handlekraft
- Vi forutset at du har god samarbeidsevne og kan gjere medarbeidarane gode
- Du viser ansvar: du gjer det du seier du skal gjere og opptrer profesjonelt i arbeidet ditt
- Du viser openheit: du deler kunnskap og du gjer deg tilgjengeleg
Vi tilbyr
- 100% fast stilling
- Ein spennande og utfordrande arbeidsplass
- Eit godt samarbeidsklima med andre leiarkollegaer i klinikken
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Christian Beisland, Avdelingssjef, 47301005
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4950942083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025