Avdelingsleiar Ørstaheimen Korttidsavdelinga 

  • Heltid
  • ØRSTA, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 14. august 2025

Er du framoverlent, intressert i tverrfagleg samarbeid og kompleksitet, har stort pågangsmot og eit ønskje om utvikling? 

Då er dette stillinga for deg!

I Ørsta kommune er det ledig fast stilling som avdelingsleiar i kommunalområde Helse, omsorg og velferd, med f.t. Korttidsavdelinga som tenestestad. 

Korttidsavdelinga er ein viktig del av helsetenestene i kommunen og tilbyr tverrfagleg behandling, rehabilitering, avklaring og lindrande behandling for pasientar med behov for kortvarig opphald. Vi har fokus på høg kvalitet, pasienttryggleik og gode pasientforløp. Vi har god dekning med sjukepleiarar, og eit godt fagmiljø. Vi samarbeider nært med andre faggrupper i kommunen og har eigen fysioterapiressurs knytt til avdelinga. 

Korttidsavdelinga driv kommunen sitt augneblikkleg hjelp tilbod til pasientar som treng det. Vi har ein variert kvardag der det kan vere behov for at vi utfører til dels avansert og teknisk sjukepleie. Korttidsavdelinga har 16 rom.

Om stillinga:
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle med både fagleg og administrativt ansvar for Korttidsavdelinga. Dette er ei krevjande og utfordrande stilling i eit komplekst tenestetilbod med høgt tempo, stor variasjon og kontinuerleg behov for tverrfagleg samhandling. Det er forventa at du jobbar systematisk og målretta etter kommunen sin kvalitetsstandard og at du bidreg til å sikre god pasientflyt.

Avdelinga er tilknytt sjukepleieteam, og vi har eit sterkt fokus på utvikling, samhandling og kontinuerleg kvalitetsforbetring. Du vil vere ein del av tenesteleiar si leiargruppe, og samarbeide tett med andre avdelingsleiarar. Eit godt teamarbeid mellom avdelingane er avgjerande for å utvikle gode og berekraftige løysingar for framtidas helsetenester.

Som heiltidskulturkommune jobbar vi etter prinsippa for årsplanlegging og oppgåvedeling, og ønskjer ein leiar som vil vidareføre og vidareutvikle denne kulturen.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:

  • Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivå 
  • Oppfølging av tilsette  
  • Ansvar for medisinrom og legemiddelbestilling
  • Kvalitetutviklingarbeid og rapportering
  • Planlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanlegging

Slagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap. Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i kommunalområdet sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.

Kvalifikasjonar

Det vert søkt etter offentleg godkjent sjukepleiar. Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.

Vi vil særleg leggje vekt på følgjande: 

  • Leiarerfaring
  • Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar, men søkjarar med anna relevant 3-årig helsefagleg utdanning kan også verte vurderte for stillinga
  • Kunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske
  • Kunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet 
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • Kunnskap om turnusplanlegging. Fordel med erfaring frå turnusprogrammet ressurststyring (RS), men ikkje eit krav 
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Kunne arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig 
  • Evne til å inspirere og ta initiativ
  • Evne til å leie, motivere og skape resultat
  • Ein leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sine
  • Omstillingsdyktig

Vi tilbyr

  • Ei lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
  • Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP

Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3   Stillingskode 9454 Avdelingsleiar
Arbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det kan bli nytta gruppeintervju.

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Håkonsgata 78
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4989581907
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted