Avdelingsleiar  heimesjukepleie / heimehjep, område Vikane

  • Heltid
  • INNVIK, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 7. oktober 2025

Stryn Kommune

Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar i avdeling for heimesjukepleie og heimehjelp, område Vikane.

Avdelingsleiar er med i leiarteamet for pleie- og omsorgstenestene i område Vikane, næraste overordna er einingsleiar for Eining pleie- og omsorgstenester, område Vikane.

Vi søker ein leiar som tenker utvikling, som ser mogelegheiter og løysingar, og som vil skape ein god kultur. Som ein del av vårt leiarteam får du mogelegheit til å vere med på å forme og vidareutvikle våre leiaroppgåver og arbeidsmiljø. Gode evner til samarbeid vil bli vektlagt.

Leiarerfaring frå tidlegare tel positivt, men er ikkje eit krav. I jobben som avdelingsleiar vil du få mogelegheita til personleg og fagleg utvikling som leiar.

Hausten 2025 skal kommunen i gang med omstillingsprosjektet TØRN, og vi ser difor etter ein leiar som er nyskapande og engasjert, og som har evne til omstilling og som er interessert i å vere med på å utvikle tenesta. Vi søker ein lagspelar som vil vere med på å utvikle tenestene våre.

Vil du bli ein del av vårt team? Søk i dag!

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for tenestetilbodet
  • Dagleg leiing og organisering av personalressursar
  • Oppfølging av internkontroll
  • Medverke til utvikling av avdelinga og tenestene
  • Skape eit godt arbeidsmiljø og involvere personalet i endringsprosessar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiarutdanning
  • Det er fordel med leiarutdanning og leiarerfaring
  • Relevant arbeidserfaring innan fagområdet
  • Gode faglege og digitale ferdigheiter
  • Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg, B2
  • Gyldig politiattest må leverast før oppstart

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit vert vektlagt
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Engasjert, kreativ og løysingsorientert
  • Gode organisatoriske evner

Vi tilbyr

  • Variert arbeid i positivt miljø
  • Tenester i utvikling
  • Gode moglegheiter for leiarutvikling
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Mariann Hilde Yri, Einingsleiar pleie- og omsorgstenester Vikane, 48050247

Arbeidsstad

Dragesetvegen 50
6793 Innvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5016691783
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted