Audiograf

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 16. august 2025

ØNH - Poliklinikk, Helse Førde

Vil du har fast jobb som audiograf på Vestlandet – i ein by med kort veg til fjell, fjord og hav, og samtidig tilgang til bylivet?

Hørselsentralen ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som audiograf, med oppstart snarast/etter avtale.

Hørselsentralen har 6,5 audiografstillingar, og har aktivitet på 3 stadar: Førde, Lærdal og Nordfjordeid. Hørselsentralen er ein del av Øyre-Nase-Hals-Kjeve-avdeling og vi arbeider tett saman i team på tvers av yrkesgruppene. Vi er opptekne av gode arbeidsforhold og godt samarbeid i avdelinga. I Førde er ØNH-legar og audiografar lokaliserte i same lokale.

Vi brukar pasientsystemet DIPS som arbeidsverktøy.
For meir informasjon om Helse Førde, sjå her.

Om Førde og regionen:
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Vi ligg sentralt til, med eigen flyplass og godt bussrutenett, og ligg berre tre timar frå Bergen med bil. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur, med ulike arrangement, konsertar, festivalar, m.m. 

Er du glad i friluftsliv, byr Førde på uendelege moglegheiter. Byen ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord, fjell og med kort veg til kysten. Her finn du gode forhold for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring og mykje meir.

For meir informasjon om Sunnfjord kommune, sjå her.

Merk: Tilsetjing føreset tilfredsstillande politiattest, jf. Helsepersonellova § 20a (arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging
  • Diagnostikk og behandling av hørselstap i alle aldersgrupper
  • Avdelinga har alt relevant utstyr til klinisk audiologisk utgreiing 
  • Moglegheit til å gjere ASSR i narkose, dextor, osv

Kvalifikasjonar

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad, Audiograf 
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg    

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha evne til å skape og ivareta gode relasjonar med pasientar og kollegaer
  • Du må vere fleksibel og omgjengeleg i eit levande arbeidsmiljø
  • Du må kunne arbeide målretta og tole å stå i krevjande situasjonar
  • Du må trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistre høgt arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad, og dekking av husleige dei 2 første månadane
  • Dekking av 2 heimreiser per år
  • For kvalifiserte søkjarar tilbyr vi oss å dekke reise og opphold i forbindelse med intervju

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Karianne Strønen, Avdelingssjef, +47 578 31 582

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4993956873
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted