Divisjon psykisk helsevern/ Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Forsterka rehabilitering/ Forsterka utgreiing og rehabilitering, Helse Bergen HF
Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer no ein ny lukka sengepost med 8 plassar i Sandvikenområdet – den første byggjesteinen i utviklinga av Program Psykisk helsevern for framtida –Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for området, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod til pasientar med samansette behov.
Sengeposten skal tilby behandling til pasientar med alvorlege psykiske lidingar, der nokre også har utfordringar knytt til vald og rus. Pasientane på dette behandlingsnivået vil ha behov for stabilisering og rehabilitering. Pasientgruppa vil vere samansett, og det faglege tilbodet breitt.
Vi søkjer no ein assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med og bygge opp og utvikle tilbodet frå starten av.
Arbeidsoppgåver
- Saman med seksjonsleiar, medansvar for forsvarleg drift av seksjonen
- Saman med seksjonsleiar, medansvar for å utvikle det sjukepleie- og vernepleiefaglege arbeidet
- Saman med seksjonsleiar, medansvar for ivaretaking av personalet
- Saman med seksonsleiar, medansvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning
- Ansvar for dag-til-dag styring i GAT
- Medansvar for godt samarbeid internt og med DPS og kommunale tenester
- Deltaking i avdelinga sitt leiarteam og vere stedfortredar for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning er ønskjeleg
- Erfaring frå sjukehus og/eller leiarstilling er ønskjeleg
- Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskjeleg
- Gode IKT-kunnskaper og interesse
- Vandelsattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Strukturert og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Engasjert og pasientorientert
- Trivst med å jobbe i eit tverrfagleg team
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Moglegheit til å vere med frå starten og forme eit nytt behandlingstilbod
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt med gode utviklingsmoglegheiter
- Moglegheit til å bidra til utvikling av miljøterapi og heilskaplege pasientforløp
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 55958878, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
Marthe Halvorsen Kjærstad, Konst. avdelingssjef, 90936016, marthe.halvorsen.kjærstad@helse-bergen.no
Susanne Karlsen, Konst. ass. avdelingssjef, 48110709, susanne.karlsen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5025345575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2025