Arkivmedarbeidar

Kommunearkivordinga i Vestland

Vi har ledig engasjement i to år som arkivmedarbeidar på Leikanger i Sogndal kommune. Arbeidsoppgåvene er knytt til eldre og avslutta kommunale arkiv, som skal sikrast, ordnast, bevarast og formidlast.

Kommunearkivordninga i Vestland yter rådgjevingstenester og er arkivdepot for Vestland fylkeskommune og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Vår nye medarbeidar vil gå inn som ein ekstra ressurs i denne perioden. Arbeidsoppgåvene vil i all hovudsak vere knytt til ordning av arkiv. Andre driftsoppgåver kan også vere aktuelle, og arbeidsoppgåvene vil verte justerte og tilpassa avhengig av organisasjonen sine behov og medarbeidaren sin kompetanse. 

Vestland fylkeskommune er vertskap for Kommunearkivordninga, og saman med fagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk, stadnamn og digital kultur utgjer vi ein stor arkivseksjon med over 20 tilsette, dei fleste på Leikanger. Fylkeskommunen bevarer og formidlar ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø. 

Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.

Det er mogeleg å jobbe i ein mindre stillingsprosent (mellom 50% og 100%) om dette er ønskeleg frå søkar si side. Oppgi i så fall dette i søknaden. 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga

  • Ordning og registrering av arkiv 
  • Arbeid med innsyn i og framfinning av arkiv
  • Anna dagleg drift

Andre arbeidsoppgåver som kan leggast til stillinga 

  • Muggsanering
  • Digitalisering/skanning
  • Arbeid med mottak av fysiske arkiv 
  • Arbeid med det elektroniske fagsystemet vårt, Asta
  • Arbeid med elektroniske arkiv 
  • Formidling   

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

  • Minst 3 år relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Relevante fag kan til dømes vere arkiv, historie, kulturvitskap, samfunnsvitskap, informasjonsvitskap med fleire. Utdanningskravet kan fråvikast dersom du har relevant realkompetanse. 
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.

I tillegg til dette ønskjer vi vi at vår nye medarbeidar har: 

  • Interesse for arbeid med arkiv og historie
  • Erfaring frå liknande arbeid 
  • God digital kompetanse
  • Kunnskap om kommunal forvalting og arkiv
  • Erfaring med skriftleg kjeldemateriale
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

Vi er på jakt etter deg som likar å arbeide sjølvstendig, effektivt og målretta over tid. Du må vere nøyaktig og ha sans for detaljar og systematikk. 

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode forsikrings og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte fagleiar for Kommunearkivordninga – Sigrun Espe: 990 44 666 / sigrun.espe@vlfk.no. 

Kontaktinformasjon

Sigrun Espe, leiar, 99044666

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4975028462
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 13.07.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted