Ambulansearbeider/Paramedisiner med autorisasjon

  • Deltid
  • ØRSKOG, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 15. august 2025

Ambulanseseksjon Ørskog - Haram - Norddal - G, Helse Møre og Romsdal HF

Vil du bli ein del av vårt team?

Seksjon Haram/Norddal/Ørskog har ledig ei 50 % fast stilling for ambulansearbeidar eller paramedisinar. I tillegg er det ledig opptil 50 % vikariat ut året, med moglegheit for forlenging. Det er aktuelt å kombinere desse dersom du ønskjer høgare stillingsprosent.

Oppstart etter avtale. Arbeid på andre stasjonar må påreknast.

Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF har ansvaret for den prehospitale beredskapen i fylket. Dette omfattar bil-, båt- og luftambulansar, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.
Ved intern omrokkering kan stillingsprosent ved anna seksjon bli tilbydd.

 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta  opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
  • Vere fagleg engasjert og ansvarsbevisst
  • Motivere og samarbeide godt med kollegaer
  • Delta i undervisning og sertifiseringar
  • Ta på deg faglege delegeringar i samsvar med prosedyrar og interne reglar
  • Utføre interne arbeidsoppgåver
  • Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldande for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner
  • Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
  • Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
  • Førarkort klasse C1
  • Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå
  • Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne
  • Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
  • Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering

Personlege eigenskapar

  • Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
  • Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
  • Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Sondre Hauland, Seksjonsleder, Sondre.Hauland@helse-mr.no

Arbeidsstad

Sjøholtvegen 53
6240 ØRSKOG

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4995836454
Stillingsprosent: 50%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 16.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted