Administrasjonssekretær

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 9. august 2025

Klinikk for psykisk helsevern og rus, Helse Fonna HF

Vil du ha ei nøkkelrolle i administrasjonen av den største klinikken i Helse Fonna?

Klinikk for psykisk helsevern og rus gir spesialisthelsetenester til heile befolkninga i vårt område. Vi har to sjukehusavdelingar (Valen og Haugesund), tre distriktspsykiatriske sentre (Folgefonn, Stord og Haugaland), ei eiga avdeling for rus og avhengnad, samt eit breitt tilbod innan barne- og ungdomspsykiatri med poliklinikkar i Haugesund og Stord og sengepost i Haugesund. 

Med om lag 1050 medarbeidarar er vi den største klinikken i Helse Fonna – og no ser vi etter ein ny administrasjonssekretær som vil vere med og støtte leiinga i det viktige arbeidet vårt.

Kva går jobben ut på?

Som administrasjonssekretær hos oss får du ei sentral rolle i administrasjonen av klinikken. Du rapporterer direkte til klinikkdirektør og samarbeider tett med både staben og leiarar i avdelingane.

Du vil bidra til å koordinere aktivitetar på tvers av klinikken, støtte opp under dagleg drift og sikre god kommunikasjon og samhandling med andre klinikkar og einingar i Helse Fonna. På fleire område vil du ha systemansvar for administrative verktøy og bidra til at dei fungerer godt for både tilsette og leiarar.I tillegg blir du ein viktig medspelar i arbeidet med organisasjonsutvikling. Du vil bidra til kontinuerleg forbetring av arbeidsprosessar og vere med på å innføre nye initiativ som styrkjer kvalitet og effektivitet i tenestene våre.

👉 Vil du bli ein del av laget vårt? Søk innan fristen – vi gleder oss til å høyre frå deg.

Kva går jobben ut på?

  • Koordinere, fasilitere og førebu saker til møte i regi av klinikkdirektør
  • Sikre saksbehandling av all post kor klinikkdirektør er saksansvarleg
  • Arkivansvarleg for heile klinikken
  • Bistå klinikkdirektør i høve faktagrunnlag knytt til ulike driftsoppgåver/prosjekt
  • Koordinere intern kommunikasjons- og informasjonsflyt
  • Ansvarleg for innkjøp i regi av klinikkdirektør, samt oppfølging av avdelingane
  • Delta og fasilitere ved implementering av ulike IKT-system
  • Arbeidstidplanlegging for stab
  • Bistå klinikkdirektør i rekrutteringsprosessar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Lang relevant erfaring med administrasjon og koordinering kan likestillast med utdanning frå høgskule/universitet
  • Meget god IKT-kompetanse
  • Meget god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Kva ser vi etter hos deg?

  • Systematisk.
  • Sjølvstendig,  ansvarsbevisst og god rolleforståing.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Serviceinnstilt og tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
  • God gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet.

Personleg egnethet blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbetring
  • Lønn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kenneth Eikeset, Direktør, +47 99513977

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4986182085
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted