Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 3×100% fast stilling som sjukepleiar. Oppstart etter avtale. Arbeidsstad er sjukeheim, bemanna bufellesskap, heimesjukepleie.
Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i to og tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs. Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.
Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
Arbeidsoppgåver
- Pasientnært arbeid
- Primærkontakt oppgåver
- Inngå i sjukepleiegruppa i omsorgsdistriktet, og bakvaktsamarbeid
- Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
- Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
- Samarbeide med tilsynslegar, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets
- nivåskala (CEFR)
- Det er krav om tilfredsstillande MRSA-, politi, og tuberkulinattest.
- Beherske dei vanligaste IKT-verktøya
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Personlige eigenskapar i tråd med kommunen sine verdiar: open, engasjert og modig.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Vilje til å stå på for gode tenester
- Bidra til å skape ein trygg og meiningsfylt kvardag for pasientane
- Fokus på godt pårørande samarbeid
- Du må vere strukturert og løysingsorientert
- Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr
- Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
- Kompetanseheving og fagutvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariff
- Gode pensjonsordninger
- Økonomisk rekruteringstiltak sjukepleiarar
- Ordning for å dekke bompenger Nordøyvegen
Kontaktinformasjon
Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, renate.finnoy@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Austrevegen 11
6296 Harøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5020490203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025