Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Stillinga er for tida i turnus med langvakter og arbeid 4. kvar helg. Stillinga er ledig frå dags dato.
Bismotunet bufellesskap er ein del av heimetenesta for funksjonshemma i Skjåk kommune. Dette er eit heildøgns bemanna bufellesskap med vaksne bebuarar og avlastningsplassar for barn og unge. Arbeidskvardagen vil variere frå naudsynt helsehjelp til turar i den flotte naturen vi har i Skjåk. Vi har fokus på at våre tenestemottakarar skal vere i aktivitet ilag med våre tilsette.
Arbeidsområde
Du vil utføre oppgåver knytt til målretta miljøarbeid med barn- unge – og/ vaksne personar med behov for bistand i daglege gjeremål.
Kvalifikasjonar
-
Helsefagarbeidar eller barne — og ungdomsarbeidar er ynskjeleg, men erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanningskravet
-
Førarkort klasse B
-
Godkjent politiattest
Vi vektlegg at du
-
Har erfaring frå liknande arbeid og målretta miljøarbeid med barn og vaksne
-
Er fleksibel i høve til omstillingar
-
Har evne til å arbeide sjølvstendig
-
Har gode samarbeidsevner
-
Trivst med å vere i aktivitet
-
Ynskjer å nytte tilgjengeleg teknologi som til dømes meistringsteknologi i arbeidskvardagen
-
Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
-
Dokumenterer i høve til lov og forskrift
Arbeidet kan vere fysisk belastande.
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Grundig opplæring og relevante kurs for arbeidet
-
Pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til tenesteleiar Gudrun Teigen mobil 95982598.
Søknadsfrist 15. oktober 2025
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.
Kommunedirektøren