Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Det er ledig 100 % stilling som barnehagelærar, for tida i Bismo barnehage. Stillinga er ledig frå 15. september 2025. Stillinga kan bli tillagt ansvar som pedagogisk leiar.
Som barnehagelærar i Skjåk vil du vere med på å forme ein nyskapande og spennande framtidig barnehage i Skjåk.
Det er spennande tider i barnehagane i Skjåk. Bygginga av ny barnehage i Bismo startar hausten 2025, og midlertidig barnehage skal driftast på Skjåkheimen i byggeperioden. Hausten 2026 er målet at barnehageavdelingane Holemork og Bismo saman skal flytte inn i nye lokale med fem avdelingar. Barnehageåret 2025/2026 vil det bli jobba mykje med kva som skal kjenneteikne pedagogikken og drifta i den nye barnehagen.
Arbeidsområdet vil omfatte
-
Rettleie og støtte det øvrige personalet i det pedagogiske/metodiske arbeidet
-
Arbeid med spesialpedagogiske oppgåver
-
Delegere arbeidsoppgåver til personalet og sikre at barnehagen sine mål blir nådd
-
Utarbeide og gjennomføre årsplan i samarbeid med tilsette og styrar
-
Legge til rette for godt samarbeid med føresette
-
Dele kunnskap om barn si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i barnehagen
-
Halde seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
-
Det er ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
-
Godkjent barnehagelærarutdanning
-
Godkjent politiattest
Vi ynskjer at du
-
Har gode samhandlingsevner
-
Er raus og tydeleg og deltek aktivt i barnehagen sin kvardag
-
Er fleksibel i høve til omstillingar
-
Er ein person med evne til å arbeide målretta både sjølvstendig og i team
-
Er ein person med interesse for fag og fagutvikling
-
Har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
-
Har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning i KLP
Spørsmål om stillinga kan rettast til styrar Heidi Jevnheim, telefon 901 93 957
Søknadsfrist 11. august 2025
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren