100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar

  • Heltid
  • SVELGEN, NORGE
  • Publisert: 8 timer siden
  • 31. mai 2025

f.t. ved Hamretunet, Open omsorg indre, Bremanger kommune

I Bremanger kommune, for tida ved tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne avd. Hamretunet i Open omsorg indre, er det ledig ei 100% fast stilling som vernepleiar. Vi arbeider i årsturnus kor ein kan ynskje seg m.a. langvakter. Medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid -og fritida si.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter deg som er utdanna vernepleiar, sjukepleiar eller andre med minimum bachelorutdanning innan helse og/eller sosialfag
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
  • Du har førerkort kl. B.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Arbeidet inneheld også å rettleie, hjelpe til i pleie – og til ivareta dei daglege funksjonane til brukarane. Sidan miljøarbeid er ein viktig del av arbeidet, er det viktig at du likar å vere aktiv og engasjerar deg i arbeidet med brukarane.
Serviceinnstilling og personleg egnaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Arbeidsstad

Svelgen Panorama 1
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4884316640
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted