f.t ved Kalvåg oppvekst, Bremanger kommune
Kalvåg oppvekst har ledig 100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2025.
Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage er ein 2. avdelingsbarnehage.
Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og resultatleiing. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Inkluderande barnehage- og skulemiljø», og vi har valt INKLUDERANDE BARNEHAGAR som fokustema. Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen
- I samarbeid med pedagogisk leiar ha eit fagleg ansvar for ei barnegruppe og oppfølging av barn med spesielle behov
- Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:
- Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning. Eventuelt vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar eller andre med kompetanse og erfaring oppmodast om å søkje
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
- Du trivast med, og har helse til å vere ute i all slags ver
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Dag Magne Nigardsøy, Driftssjef, +47 959 82 985
Arbeidsstad
Kleivavegen 13
6729 Kalvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4977604846
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025