100 % fast lærarstilling ved Årås skule

Om stillinga

Årås skule har frå 01.08.2025 ein ledig 100 % fast stilling som lærar frå 5.-10.trinn.

Me søkjer etter ein engasjert og fagleg sterk lærar som ønskjer å vere med på å utvikle eit inkluderande og trygt læringsmiljø for elevane våre.

Årås skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 280 elevar og 48 tilsette. Skulen er organisert i team – eitt for kvart hovudsteg. Me har fokus på eit godt klassemiljø som føresetnad for eit godt og inkluderande læringsmiljø, og oppfølging av elevane si læring og utvikling.

Årås skule er ein PALS- og MOT-skule, der me arbeider systematisk med å fremje eit trygt og inkluderande skulemiljø for alle elevar. Gjennom desse programma rettar me positiv merksemd mot kvar enkelt elev og legg til rette for å styrkje sosial kompetanse, ansvarskjensle og tilhøyrsle.
Målet vårt er å gjere elevane robuste og bevisste i møte med kvardagens val – både for eiga utvikling og for fellesskapet.

Me har eit eige PALS- og MOT-team ved skulen, og alle nytilsette får opplæring i begge tiltaksmodellane.

I tillegg har me miljørettleiar på Årås skule, som er ein viktig ressurs i arbeidet med elevmiljøet og det førebyggjande arbeidet.

Arbeidsoppgåver

Stillinga på 5.-10. trinn krev særleg kompetanse i engelsk, norsk og kunst og handverk.

Stillinga kan òg omfatta oppfølging av elevar med behov for individuelt tilrettelagd opplæring og/eller opplæring på alternativ opplæringsarena. 

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent utdanning i samsvar med kompetanseforskrifta for tilsetjing i grunnskulen
  • Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT
  • Austrheim kommune har nynorsk som målform
  • Godkjend politiattest i samsvar med opplæringslova må leggjast fram før tiltreding

Kven ser me etter?

Me søkjer ein lærar som:

  • Er fagleg trygg og godt førebudd, og som planlegg undervisninga grundig – både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer.
  • Har solid innsikt i lærarrolla og god forståing for skulen som organisasjon, og korleis eigen praksis påverkar heilskapen.
  • Er synleg og engasjert i skulen sine møteplassar, og deltek aktivt i det profesjonelle fellesskapet.
  • Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø, og tek ansvar for å skapa ein inkluderande og støttande kultur.
  • Kommuniserer tydeleg og bygg gode relasjonar, både med elevar, føresette og kollegaer – og fungerer som ein trygg og tydeleg klasseleiar.
  • Legg til rette for ein inkluderande og variert undervisningspraksis, med høg grad av elevaktivitet, medverknad og tilpassa opplæring.
  • Er utviklingsorientert og samarbeidsvillig, og jobbar aktivt saman med kollegaer og skuleleiinga for å styrka læringsmiljø og elevane sitt læringsutbyte.

 

Me tilbyr

Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Ein inkluderande og utviklingsorientert arbeidsplass med eit positivt læringsmiljø og fokus på fagleg samarbeid, fellesskap og deling av gode praksisar
Engasjerte og dyktige kollegaer
God pensjonsordning
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Heim til Austrheim

Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling – både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Sletting av studielån for innbyggjarar i Austrheim kommune

Er du busett i Austrheim kommune og i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Oppteninga startar 1. januar 2025, noko som betyr at fyrste mogleg gjeldssletting vil vere 1. januar 2026. Lånet kan slettast med 25 000 kroner kvart år så lenge du er yrkesaktiv og bur i kommunen, til heile lånet er nedbetalt.

Ordninga gjeld for alle som er yrkesaktive og bur i éin av dei 189 kommunane som frå 1. januar 2025 er klassifiserte på sentralitetsnivå 5 eller 6, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Dette omfattar òg personar som flyttar til ein av desse kommunane etter denne datoen.

Tiltaket gjeld all type utdanningsgjeld, uavhengig av når lånet vart teke opp.

Kjelde: www.regjeringa.no

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted