Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus - Helse Førde
Kjøkken, kantine/kafè og mottakskjøkken treng arbeidsvillige og dyktige ferievikarar:
- Veke 26 – 33: 22.06.2026 – 16.08.2026
- Førde sentralsjukehus (FSS): 100% – 8 stillingar og 80% – 2 stillingar
- Nordfjord sjukehus (NSH): 100% – 1 stilling
Sommarvikarane deltar i alle oppgåvene som er knytt til dei postane dei vert sett til å arbeide i lag med våre faste tilsette. Du vil få opplæring i lag med dei.
Det vert krevd gode kommunikasjonsevner – du vil treffe mange mennesker i løpet av ein dag og det krev ein imøtekommande og hyggelig matvert.
Du bør kunne arbeide minst 6 veker samanhengande, helst fleire.
Arbeidsoppgåver
- Du skal vere med å servere mat, vaske opp etter måltida, tillaging av mat til kantine, kafè og til pasientar
- Varemottak – vareleveransar skal inn på rett kjølerom o.l. Kolonialvarer til sengeavdelingar, kantine og kafè
- Reinhald – dagleg og sommarreingjering (årleg)
Mobiltelefon er ikkje tillat å bruke i arbeidstida
Kvalifikasjonar
- Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring, men ikkje noko krav
- Gode kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg
- Søkjar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftlig og munnleg
Personlege eigenskapar
- Må kunne arbeide sjølvstendig og vere frisk og rask
- Vere fokusert på arbeidsoppgåvene
- Må være fylt 17 år
Vi tilbyr
- Sommarjobb i Matforsyning i Helse Førde gjere seg godt på CV-en og vi er ein populær arbeidsplass for arbeidsvillig ungdom!
- Vi tilbyr ein arbeidsplass der du kan både lære mykje og å kjenne på ein travel arbeidsdag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5038630675
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 20.07.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 23.02.2026