Gloppen Hotell
Vi på Gloppen Hotell søker helgehjelp i restauranten vår 🍂
Har du lyst til å jobbe litt ekstra i helgane, ved sidan av jobben du har frå før?
Vi ser etter vaksne som har lyst til å bidra i restauranten vår i helgane. Kanskje har du ein jobb frå før, men ønskjer noko sosialt og meiningsfullt å gjere i tillegg? Du treng ikkje erfaring, berre godt humør og lyst til å bidra. Vi tilbyr opplæring, eit sosialt miljø og god stemning. Det fine er at vi kan vere fleire som deler på helgane, så du kan velje kva helgar som passar for deg.
Om oss
Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, avkoblande omgjevingar og personlege service. Vi ønsker at våre gjestar skal oppleve godfølelsen hos oss. Som servitør er du sentral i gjesteopplevinga og møte med gjesten.
Om rolla
Hos oss vil du vere med på å skape minneverdige opplevingar for gjestane, servere med eit smil og sørge for at alle føler seg velkomne. Saman med eit engasjert team bidrar du til ei hyggjeleg og god oppleving for gjestene våre.
Vi søker deg som
-
Er over 20 år.
-
Er opptatt av å gi kvar ein gjest ei minneverdig oppleving gjennom god service.
-
Er ein lagspiller som bidrar til eit godt arbeidsmiljø og løfter kollegane rundt seg.
-
Er ansvarsbevisst og sjølvstendig — du tar eigarskap til arbeidet og sørger for at gjestene får ei oppleving dei seint vil gløyme.
Er du klar for å bli ein del av teamet vårt? 🌟
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Smil frå team-Gloppen Hotell 🙂