Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har to ledige ferievikariat for medisinstudentar med lisens i ferieperioden: 22.06.2026 – 16.08.2026.
Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellom anna psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose – og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe – her jobbar mellomanna psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Pasientansvarleg koordinator
- Pasientbehandling
- Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet
Kvalifikasjonar
- Legelisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Gratis bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Kontaktinformasjon
Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS Rus, 57864342/ 57864330
Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS Døgn, 57864335/ 57864330
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6770 NORDFJORDEID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5023395732
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026