Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) søkjer sommarvikarar for 2026.
Om avdelinga
UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen
12 – 18 år. Avdelinga er den einaste av sitt slag i Helse Førde og har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.
Kven søkjer vi?
- Vi søkjer fire sommarvikarar som kan jobbe minimum 6 veker i løpet av sommaren 2026
- Dei som vert tilsett må ha medisinsk kompetanse, f.eks. sjukepleiar, vernepleiar, student som kan få dispensasjon eller andre med relevant kompetanse.
- Vi oppmodar menn til å søkje.
Praktisk informasjon
Arbeidsperiode sommaren 2026: 22.06.2026 – 16.08.2026
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
- Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
Kvalifikasjonar
- Må ha medisinsk kompetanse, f.eks. autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Student med moglegheit for dispensasjon eller eventuelt anna relevant kompetanse
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom
Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
- Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
- Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5027317539
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026