Konsulent/fagarbeider

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 4 timer siden
  • 21. oktober 2025

Administrasjon, Fagskulen Vestland

Midlertidig stilling som kontor-/administrasjonsmedarbeidar


Med om lag 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden.  Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Om stillinga

Fagskulen Vestland har ledig ei 2-årig midlertidig stilling knytt til Servicetorget på studiestaden Nordnes. I Servicetorget handsamer vi ulike førespurnader frå studentar, tilsette og gjester på e-post, telefon eller ved oppmøte. Stillinga har sin arbeidsplass i Servicetorget.

Det er viktig at du arbeider sjølvstendig og systematisk med oppgåvene, og samtidig har gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt. Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ekspedisjon/posthandtering
  • Arkivering og postfordeling i sak- og arkivsystemet (Elements)
  • Innkjøp (økonomisystem Visma Enterprise Plus)
  • Enklare sakshandsaming (Elements)
  • Administrative driftsoppgåver knytt til tenester ved Servicetorget
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Administrativ utdanning / fagbrev / relevant arbeidserfaring
  • Kjennskap til studentadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
  • Gode IKT kunnskapar
  • God skriftleg framstillingsevne 

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner
  • Er initiativrik og sjølvstendig
  • Trivst med utfordringar
  • Nøyaktig og systematisk
  • Er serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

Kontaktinformasjon

Hege Aarethun, Administrasjonsleiar, +47 99509287, hege.aarethun@vlfk.no

Arbeidsstad

Haugeveien 28
5005 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5025848730
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 22.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted