Moster skule
Brenn du for utvikling og gode læringsmiljø?
Moster skule er stolt av sitt sterke fellesskap. Me søkjer no etter ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar for 1.–7. trinn. Stillinga er 100 % fast med oppstart 01.01.2026.
Som avdelingsleiar får du ei nøkkelrolle i eit inkluderande og framtidsretta læringsmiljø. Du blir ein sentral bidragsytar i vidareutviklinga av skulen, og får samarbeide tett med eit engasjert og kompetent kollegium. Arbeidskvardagen din vil vere variert, med spennande oppgåver innan både administrasjon og undervisning. Saman med dyktige kollegaer er du med på å skapa trivsel og eit trygt, inspirerande lærings- og arbeidsmiljø for både elevar og tilsette.
Om oss
Moster skule ligg på Moster, på søraustsida av Bømlo, ikkje langt frå trekantsambandet. Skulen var ny i januar 2009, og er ein kombinert barne- og ungdomsskule med SFO, skulebibliotek og stor fleirbrukshall. Me har eit stort og godt uteområde med leikeapparat, ballbinge og ein skog som kan utforskast. Om lag 280 elevar og ca. 45 tilsette høyrer til på skulen. Me vart i 2024 kåra til Årets Eldsjel av NRK TV-aksjonen.
Me ser fram til å motta din søknad!
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk utviklingsarbeid og oppfylging av læringsarbeid.
- Følgje opp elevsakar og sosialpedagogiske sakar.
- Fellesadministrative oppgåver med vikaransvar.
- Personaladministrative oppgåver med personalansvar.
Kvalifikasjonskrav
- Godkjend undervisningskompetanse og undervisningserfaring.
- Erfaring med å leie endringsprosessar.
- God IKT-kompetanse og kunnskap om Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har leiarerfaring og/eller leiarutdanning.
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du er entusiastisk, kreativ og motiverande.
- Du skaper gode relasjonar til elevar, føresette og tilsette.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Joakim Lund.
Kontaktinformasjon
Joakim Lund, Rektor v/Moster skule, +47 930 08 438, Joakim.Lund@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Espelandssjøen 1
5440 Mosterhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5025779374
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2025