Seksjonsleiar

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 7 timer siden
  • 26. oktober 2025

Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling/ Kompleks rehabilitering Sandviken -KRS, Helse Bergen HF

Seksjonsleiar – Seksjon kompleks rehabilitering Sandviken (KRS)

Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern?

Helse Bergen HF søker ny seksjonsleiar til Seksjon for kompleks rehabilitering (KRS) – ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.

Om seksjonen

KRS har eit rehabiliteringstilbod med fokus på relasjonsbygging, meistring og overgang til bustad og daglegliv. Vi gir behandling til følgande pasientgrupper:

  • Personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar som rus og personlegdomsforstyrringar (6 plassar)
  • Personar med kombinasjon av alvorleg psykisk liding og psykisk utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrring (2 plassar)

Seksjonen arbeider tverrfagleg og har eit sterkt fokus på miljøterapi, ADL-trening, sansestimulering og musikkterapi som verktøy for kjensleregulering og meistring. Fysisk helse er ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar.

Om stillinga
Som seksjonsleiar får du ansvar for fagleg og personalmessig leiing av seksjonen, og for vidare utvikling av miljøterapien og samarbeidet med innsøkande instansar og kommunale tenester. Du vil inngå i eit leiarteam og bidra til utvikling av Nye Sandviken som fagområde.                                                

Arbeidsoppgåver

Seksjonsleiar har saman med ass. seksjonsleiar: 

  • ansvar for forsvarleg drift av seksjonen
  • ansvar for å utvikle det miljøterapeutiske arbeidet i seksjonen
  • ansvar for ivaretaking av personalet
  • ansvar for arbeidstidsplanlegging/bemanning
  • ansvar for økonomisk drift
  • ansvar for godt samarbeid internt med andre seksjonar og eksternt med DPS/kommune
  • delta i leiarteamet knytt til eininga seksjonen høyrer til

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, samt relevant vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller rus
  • Relevant sjukehus- og/eller leiarerfaring er ønskeleg
  • Leiarutdanning er ein fordel
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av etatar og yrkesgrupper er ønskeleg 

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst/sjølvstendig
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Engasjert
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Må vere personleg eigna til arbeidet              

Vi tilbyr

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)    

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Igne Sinkeviciute, Avdelingssjef, 55958580

Arbeidsstad

Hatleveien 7D
5038 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5021892733
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted