Driftsoperatør

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 4 timer siden
  • 23. oktober 2025

EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune sin fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 800.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg. Eigedomsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette. Av desse er ca. 40 tilsette ved kontoret i Bergen.

Det er ledig ei fast 100 % stilling som driftsoperatør ved Bergen Katedralskole frå 01.01.2026. Driftsoperatøren vil rapportere til områdeleiar.   
Den som vert tilsett  får opplæring i drift og vedlikehald på bygningar og tekniske anlegg. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av bygg, tekniske installasjonar og utomhusanlegg
  • Følgje opp mindre bygge- og rehabiliteringsprosjekt
  • Vera byggeigar sin representant på bygget ved innkjøpte tenester tinga av Eigedomsseksjonen
  • Utføre mindre serviceoppgåver opp mot bruker etter retningslinjer gitt frå Eigedomsavdelinga
  • Ansvarleg for at bygget tilfredsstiller krava i offentlege lover og forskrifter i samarbeid med Eigedomsavdelinga
  • Være brannvernleiar
  • Andre oppgåver knytt til drifta

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev med erfaring, fortrinnsvis som byggdriftar, røyrleggjar, elektrikar, automatikar eller anna relevant erfaring innan bygningsfag eller bygningsdrift
  • Kunnskap og interesse for tekniske installasjonar og bruk av SD-anlegg
  • Kunnskap om internkontroll innan brann, elektro, tekniske installasjonar, HMT og ytre miljø
  • Praktisk yrkeserfaring

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til kommunikasjon, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre i fylkesadministrasjonen
  • God datakunnskap og kjennskap til databaserte styringsverktøy
  • Trivst i eit miljø med både med elevar og andre tilsette.
  • Liker praktisk arbeid.

Vi tilbyr

  • Spanande oppgåver i eit tverrfaglig miljø
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for faglig utvikling
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Knut Jordal, Områdeleiar, 41630722

Arbeidsstad

Kong Oscars gate 36
5017 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5025720747
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted